Arbeidstilsynets Vestlandet,  tilsynskontoret Stavanger,har ledig stilling som juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar

Arbeidstilsynet – for eit godt arbeidsliv!
Arbeidstilsynet jobber for at alle arbeidstakarar i Noreg skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. Vi kontrollerer at  arbeidsgjevarane følgjer arbeidsmiljølova, og vi gjev rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med meir enn 18 000 arbeidsplassar i heile landet, og vi gjev råd og informasjon via vår telefonteneste, mail og Facebook. Arbeidstilsynet består av sju regionar med tilhøyrande tilsynskontor, svartenesta i Bodø og direktoratet i Trondheim. Etaten har 650 tilsette, og er underlagt Arbeids- og sosialdepartementet.

Med heimel i offentleglova kan ein søkjar offentleggjerast sjølv om han/ho har bede om ikkje å bli oppført i søkjarlista. Vedkomande vil i tilfelle bli varsla på førehand.

www.arbeidstilsynet.no

 

Arbeidstilsynets Vestlandet, tilsynskontoret Stavanger , har ledig stilling som juridisk
rådgjevar/seniorrådgjevar.

Arbeidstilsynet skal bidra til eit godt arbeidsliv ved å påverke verksemdene til å jobbe systematisk med helse, miljø og tryggleik.

Innsatsområda er organisatorisk arbeidsmiljø, psykososiale forhold, ergonomi, teknisk tryggleik, førebygging av ulykker, kjemiske og biologisk eksponering, og arbeid mot sosial dumping. En vesentleg del av stillinga vil være innan bygg og anlegg og arbeidsulykker.

Kontoret har 21 tilsette som gjennomfører tilsyn, rettleiing, sakshandsaming og prosjektarbeid innan fagområdet arbeidsmiljø.

Arbeidstilsynet utviklar seg i samsvar med behova i samfunnet. Vi tek difor atterhald om endring av arbeidsoppgåver.


Vi tilbyr

  • Spanande, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde, med gode utsikter for fagleg og personleg utvikling
  • Arbeidstilsynet ønskjer å vere ein god arbeidplass og har inngått avtale om inkluderande arbeidsliv.
  • Mangfald er viktig for oss og me ønskjer å spegle den generelle folkesetnaden. Vi oppmodar derfor kvalifiserte kandidater til å søkje, uavhengig av kjønn, alder funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
  • Stillinga vil verte plassert i Statens lønsregulativ, rådgjevar kode 1434 eller seniorrådgjevar stillingskode 1364, kr 563.700 – kr 610.000. For særskild kvalifiserte søkjarar,kan høgare løn vurderast.
  • Det vert trekt 2 prosent frå løna til tilskot i Statens pensjonskasse.
  • Prøvetida for stillinga er 6 månader.
  • Tilsette i Arbeidstilsynet har svært avgrensa høve til å ha bi-erverv utanfor etaten.
  • Ein må rekna med noko reising. Skyss- og kostgodtgjersle etter Staten sitt reglativ .
  • Send søknad og via lenka nedanfor. Vi gjer oppmerksam på at CV vert nytta i utvida søkjarliste.
  • Du tek med vitnemål og attester på eit eventuelt intervju.
  • Kontakt tilsynsleiar Marita Scott mobil (+47)465 00 603 for nærare opplysningar om stillinga
  • Søknadsfrist 15.12.2019

Kvalifikasjoner

  • juridisk embetseksamen / mastergrad i rettsvitskap
  • relevant erfaring innan arbeidsrett
  • erfaring frå arbeid med rettleiing og informasjon
  • kunnskap om helse-, miljø- og tryggleiksarbeid
  • skriftleg bokmål og nynorsk
  • munnleg og skriftleg engelsk 

Personlige egenskaper

  • er samfunnsengasjert, initiativrik og resultatorientert
  • gode kommunikasjonsevner
  • har fokus på kvalitet og tek ansvar for å nå dei planlagte måla
  • god til å samarbeide med andre og arbeide sjølvstendig
  • Det vert lagt stor vekt om søkjaren er personleg skikka til stillinga.

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 15.12.2019

Arbeidssted: Stavanger

Arbeidsgiver:

Lagårdsvegen 44
4010 Stavanger

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler