Avdelingsdirektør analyseavdelingen

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Analyseavdelinga skal vere divisjonen sitt kompetansemiljø for taktiske og operative analysar, risikovurderingar og etterretning innanfor den registrerte vareførselen. Desse skal danne grunnlaget for målretting av brukardialog og kontroll. Vidare skal avdelinga bidra til å utvikle metodar, prosedyrar, teknologi og prosessar innanfor eige fagområde. Analyseavdelinga vil òg vere divisjonen sin samhandlingspartnar med andre fageiningar innanfor etterretning og analyse i tolletaten. 

Som leiar vil du ha heilskapleg ansvar for å leie eininga administrativt og fagleg. Avdelinga består av to seksjonar, lokaliserte i Bergen og Oslo, og disponerer om lag 20 årsverk. Du rapporterer direkte til divisjonsdirektøren og inngår i leiargruppa i divisjonen.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • ha ansvar for å utarbeide strategisk avgjerdsstøtte og analysar innanfor den registrerte vareførselen
  • samarbeide med andre einingar internt i etaten og med aktuelle eksterne samarbeidspartnarar
  • bidra til kontinuerleg utvikling av fagområdet
  • ha fag-, personal- og resultatansvar

Foredragsoppgåver inngår i stillinga, og du må rekne med at det blir litt reising.

Kvalifikasjonskrav: 

  • mastergrad innanfor det relevante fagområdet. Bachelrograd i kominasjon med svært god realkompetanse kan erstatte kravet om mastergrad.
  • relevant leiarerfaring innanfor fagområdet
  • budsjett- og resultatansvar frå offentleg eller privat verksemd
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • god innsikt i offentleg sektor

Det er ønskjeleg med:

  • erfaring frå digitalisering og automatisering av prosessar og arbeidsoppgåver
  • erfaring frå strategi- og utviklingsarbeid  

Leiarplakaten til tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø i tillegg til å vere mål-, resultat- og utviklingsorientert.   

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar 
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som avdelingsdirektør, kr 850 000–950 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad sentralt i Bergen  

Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen skal jobbe både med førebygging og kontroll for å sikre optimal etterleving. Vareførselsdivisjonen består av ein utviklingsstab, ein styringsstab og fem avdelingar: analyse-, brukardialog-, oppfølgings-, klassifiserings- og regelavdelinga.

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing. 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte divisjonsdirektør Ivar Sletten på tlf. 900 16 295, stabsleiar Kari Christine Moldekleiv på tlf. 404 72 635 eller avdelingsleiar Rolf-Ole Seljeflot på tlf. 976 99 791.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 02.06.2020

Arbeidssted: Vestland

Arbeidsgiver:
Tolldirektoratet

Kontaktperson:
Ivar Sletten, divisjonsdirektør
Tlf: 900 16 295

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler