Controller til økonomiavdelingen

Vil du bidra til god økonomistyring i tolletaten?

Vi har fleire spennande oppgåver framfor oss, og du vil i stor grad vere med og drifte og vidareutvikle økonomistyringa i etaten. Arbeidsoppgåvene dine vil vere innanfor sentrale prosessar i samband med økonomistyringa og planarbeidet i etaten. For å lykkast i stillinga må du ha mykje erfaring med og god kunnskap om budsjett- og rapporteringsarbeid, helst frå statleg sektor.

Tolletaten nyttar UBW (Agresso) for økonomistyring og SAP innanfor HR og lønn. Rekneskapstenester blir leverte av DFØ. Du vil i stor grad få vere med og vidareutvikle og effektivisere arbeidsoppgåvene og prosessane.

Stillinga er organisatorisk plassert i økonomiavdelinga. Avdelinga har 14 tilsette og eit godt fagmiljø innanfor økonomi og rapportering. Vi samarbeider med einingar i heile landet, med toppleiinga i tolletaten og med Finansdepartementet.

Sentrale arbeidsområde:

  • følgje opp innspela frå tolletaten i statsbudsjettprosessen (til dømes innspel til revidert nasjonalbudsjett, rammefordelingsforslag og satsingsforslag)
  • bidra i samband med den årlege plan- og budsjettprosessen til etaten
  • bidra i arbeidet med å vidareutvikle prosessar, rutinar og system som sikrar god og effektiv økonomistyring i etaten
  • utarbeide avgjerdssaker til leiargruppa i etaten

Du kan òg få andre oppgåver og ansvarsområde i avdelinga.

Vi ønskjer at du har:

  • økonomisk utdanning frå høgskule eller universitet på masternivå (lang og relevant arbeidserfaring kombinert med relevant bachelorgrad kan kompensere for kravet om mastergrad)
  • erfaring med statleg budsjettering og økonomistyring, inkludert økonomiregelverk i staten
  • erfaring frå arbeid med å gi innspel til statsbudsjettprosessane
  • erfaring med saksbehandling innanfor fagområdet
  • minimum fem års relevant arbeidserfaring frå økonomistyring, inkludert budsjettering, rapportering og analyse
  • svært gode Excel-kunnskapar
  • erfaring med UBW (Agresso)
  • gode formidlingseigenskapar på norsk, både munnleg og skriftleg

I tillegg er det viktig at du:

  • har god rolleforståing og svært gode samarbeidsevner
  • er sjølvstendig og initiativrik og har stor arbeidskapasitet 
  • er analytisk og systematisk

Vi tilbyr:

  • spennande arbeidsoppgåver innanfor økonomi og rapportering 
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar 
  • lønn som seniorrådgivar, kr 650 000 – 800 000 (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse 
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida 
  • arbeidsstad i Oslo sentrum

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Du må kunne levere utvida politiattest ved tilbod om tilsetjing.

Inkluderande arbeidsliv

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte avdelingsdirektør Geir Øye på tlf. +47 481 74 930. Du finn meir informasjon om å jobbe hos oss på toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 24.12.2020

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Geir Øye, avdelingsdirektør
Geir.Oye@toll.no
Tlf: 481 74 930

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler