Er du den rette til å leie arbeidet med å utvikla framtida sine produksjonsprosessar for sjøkart?

Vi har ledig stilling som avdelingsdirektør produksjon i Kartverket sjødivisjonen. Avdelingen består av fire seksjoner, og du vil få det overordna ansvaret for innsamling, mottak, forvaltning, produksjon og drift av data og produkt. Du held produksjonen i gang, medan du utrøytteleg søkjer etter moglegheiter for forbetring og implementerer nye verktøy og prosesser. Stillinga er nyoppretta etter ei omorganisering der all produksjon er samla under ein leiar. Dette gir den rette personen store moglegheiter til å utforma produksjonsprosessar for framtida og å utvikla organisasjonen vidare. 

Stillinga inngår i divisjonen si leiargruppe og rapporterer til divisjonsdirektør sjø.

Kartverket sjødivisjonen leverer tradisjonelle kartprodukt, informasjon om vasstand, terrengmodeller og vidareforedla produkt. Pilotprosjektet for Marine Grunnkart i Kystsona er også ein del av vårt ansvarsområde.

Kartverket er i fremste rekkje internasjonal i bruk av innovativ teknologi, og kartprodukta våre held eit særs høgt nivå. Vi har vunne pris for verdas beste sjøkart i den internasjonale kartografikonkurransen to gonger på rad.

Kartverket sjødivisjonen har om lag 120 tilsette med ein spennande og mangfaldig bakgrunn. Arbeidsstad er Kartverket sitt kontor i Stavanger.

Stillinga krev at du må kunne tryggleikklarerast til KONFIDENSIELT nivå.

Arbeidsoppgåver

  • Leia og organisera   arbeid innan einheiten, herunder avdelinga si totale økonomi- og personalansvar
  • Leia og utvikla einheiten i henhold til mål, strategier og budsjett
  • Delta i og leia samarbeid med andre divisjonar og eksterne
  • Andre oppgåver kan leggas til stillinga

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Relevant utdanning på høgskole/universitetsnivå, minimum bachelornivå, gjerne innan fagfelta leiing, prosjektleiing, geomatikk, IT  eller tilsvarande   
  • Relevant arbeidserfaring, minimum 10 år, kan kompensera for delvis manglande formell kompetanse  
  • Minimum tre års erfaring som leiar
  • Erfaring fra endringsleiing
  • Gode kommunikasjonsevner, både norsk og engelsk

Det er ønskeleg at du har:

  • Prosjektleiarerfaring 
  • Erfaring med leiing i statleg verksemd

Personlege eigenskapar

  • Vera løysningsorientert og strategisk   
  • God evne til planlegging og gjennomføring
  • Utviklingsorientert og endringvillig   
  • Evne til å motivera og engasjera    
  • Gode samarbeidsevner, vera ein lagspelar

Vi tilbyr

  • Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Gode høve for kompetanseutvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Stillinga blir lønt som avdelingsdirektør, fra kr 800 000,- til 850 000,- etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert 
  • Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Kartverket praktiserer eit inkluderende arbeidsliv. Det inneber at vi ynskjer velkomen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere.  

Kartverket dekkjer Noregs behov for geografisk informasjon og offentleg eigedomsinformasjon, og er tinglysingsmyndigheit for heile landet. Hovudkontoret ligg på Hønefoss. I tillegg har vi 13 kontorstader frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord, samt eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard. I Kartverket legg vi vekt på tydelege retningsval, gode arbeidsvilkår, kompetanseutvikling og karrieremoglegheiter. Kjerneverdiane våre er: Inkluderande, kompetent, open, påliteleg og engasjert.

Søknadsfrist: 14.03.2021

Arbeidssted: Stavanger

Arbeidsgiver:
Kartverket

Kontaktperson:
Birte Noer Borrevik, direktør sjødivisjonen
Tlf: 992 83 866

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler