Er du vår nye ekspert på vasstandsmåling?

Kartverket har eit nasjonalt ansvar for å måle havnivået. Dette omfatter vasstandsmåling og geodetiske målingar. Vi har som mål å forsyne Noreg med bedre vasstandsdata som vil kunne styrke beredskap og kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning for bl.a. kommunane. Det nasjonale målenettet for vasstand består i dag av 24 permanente vasstandsmålere langs norskekysten, samt ein vasstandsmåler på Svalbard. 

Vi søkjer etter ein som kan bidra til drift av utstyr knytta til innsamling av vasstandsdata. Stillinga inneber å holda seg oppdatert på tilknyttande teknologi og vidareutvikle målemetodar og utstyr. Du vil vera med på å planlegga og gjennomføra feltarbeid  på vasstandsmålarane, samt gjera kalibreringar og utbedringar på verkstad og i lab. I samråd med oseanografiseksjonen og IT har du et særs ansvar i å gjennomføra tiltak for å sikra og forbedra datagrunnlaget for vasstandsmålingar, samt at data blir overført sikkert og effektivt til Kartverket. Den vi søkjer har interesse for tekniske problemstillingar knytta til oppsett, vedlikehald og vidareutvikling av teknologi for vasstandsmåling. 

Teknologiseksjonen er ein del av sjødivisjonen i Kartverket. Seksjonen er sjødivisjonen sin fagekspertise og rådgjevar innan sensorteknologi, metodeutvikling og teknologiforvaltning. Seksjonen har ansvar for utstyret ved datainnsamling, herunder hydrografisk måleutstyr på fire fartøy samt vasstandsmålarar langs Norskekysten og Svalbard. Større datamengder blir samla inn dagleg i norske farvatn. 

 Du kan sjå meir om vasstandmåling her.

Vi håpar vi har vekt interessa di og at du søkjer på stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Utsetjing og drift av midlertidige vasstandsmålarar. Etablering av fastmerker og nivellera mellom vasstandsmålar og fastmerke.
  • Delta aktivt i feltarbeid i felles målenettverk for vasstandsmålarar og geodesi. Feltarbeidet blir utført i samråd med Geodesidivisjonen på Hønefoss.
  • Teknologiutvikling. Foreslå og implementera ny teknologi for innsamling av vasstandsdata.
  • Konfigurasjon av sensorar, loggarar og nettverk.
  • Anskaffing av utstyr.
  • Leia og delta i prosjekt i samråd med andre fagetater og privat industri.
  • Stillinga fører med seg enkelte reiser i samanheng med feltarbeid, samt reiser i forbindelse med prosjekter, konferanser eller kurs. Ca 25 overnattinger i året. Hovedsakelig langs kysten av Norge, Svalbard og ein sjelden gang Jan Mayen.

Kvalifikasjonar

  • Høgare teknisk utdanning innan ein eller fleire av desse områda: måleteknikk, datateknikk, instrumentering, elektronikk, kybernetikk, mekatronikk. Praktisk og relevant erfaring kan kompensera for dette.
  • Programmering, kunstig intelligens, databaser, nettverk og datakommunikasjon er eit stort pluss.
  • Praktisk erfaring frå datainnsamling er ein fordel, men dette er ikkje eit krav.

Personlege eigenskaper

  • Strukturert
  • Sjølvgåande
  • Løysningsorientert
  • Nytenkande
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.
  • Gode høve for kompetanseutvikling.
  • Gode velferdsordningar.
  • Fleksibel arbeidstidsordning.
  • Stillinga blir løna som overingeniør/senioringeniør, frå kr 550 000,- til 700 000,- etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Kartverket praktiserer eit inkluderande arbeidsliv. Det inneber at vi ønsker velkomen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentera  ein samanhengande yrkeskarriere.  

Kartverket dekkjer behovet for geografisk informasjon og offentleg eigedomsinformasjon i Noreg, og er i tillegg tinglysingsmyndigheit for heile landet.
Hovudkontoret til Kartverket ligg på Hønefoss. I tillegg har vi tolv fylkeskartkontor, ein sjødivisjon i Stavanger, eit kundesenter i Ullensvang i Hardanger og eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.
Kartverkets kjerneverdiar er inkluderande, kompetent, open, påliteleg og engasjert.

Les meir på www.kartverket.no 

Søknadsfrist: 02.08.2022

Arbeidssted: Stavanger

Arbeidsgiver:
Kartverket

Kontaktperson:
Christina Hæreid, seksjonsleder
Tlf: 99625424

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler