Førstekonsulent/rådgiver anskaffelser

Tolletaten er ein kontrolletat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. 1. oktober 2020 ferdigstilte etaten ei fullstendig omorganisering. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

I administrasjonsdivisjonen er det oppretta ei ny avdeling som har ansvaret for vare- og tenesteanskaffingar med porteføljeforvalting, og som dessutan skal følgje opp strategiske samarbeidsavtalar. Anskaffingsavdelinga skal sørgje for at anskaffingane blir gjennomførte i samsvar med samfunnsoppdraget vårt og gjeldande lover og føresegner.

Vi ser no etter deg som ønskjer å arbeide med offentlege anskaffingar. Du kan gjerne vere nyutdanna, men det er òg positivt om du har nokre års erfaring frå fagområdet. Hos oss vil du jobbe med anskaffingar innanfor fleire fagområde, men særleg innanfor IT.

Som innkjøpar hos oss vil du jobbe med å gjennomføre og forvalte sentrale rammeavtalar og kontraktar for heile etaten. Det krev at du er nøyaktig, og at du er i stand til å vere produktiv utan at det går ut over kvaliteten i leveransane.

Anskaffingsavdelinga blir leidd av ein avdelingsdirektør og består av til saman 7–8 årsverk. 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • gjennomføre anskaffingar innanfor ulike fagområde, men med særleg vekt på IT-anskaffingar
  • følgje opp kontraktar
  • utføre analysearbeid 
  • utarbeide styringsinformasjon
  • bidra til å digitalisere anskaffingsprosessen

Kvalifikasjonskrav:

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå (utdanninga må vere ferdig seinast i løpet av august 2021.)
  • erfaring med eller interesse for IT

Eigenskapane dine:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er strukturert og analytisk 
  • handterer balansegangen mellom høg produktivitet og god kvalitet 
  • er sjølvstendig 
  • er nøyaktig

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • lønn som førstekonsulent/rådgivar, kr 500 000–650 000 
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad i Oslo sentrum

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. 

Inkludering og mangfald
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte Jostein Engen på telefon 906 05 424.

Du finn meir informasjon om å jobbe hos oss på toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og ved hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2021 en samlet budsjettramme på 1,761 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 12.04.2021

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Jostein Engen, avdelingsdirektør
jostein.engen@toll.no
Tlf: 906 05 424

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler