Førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar

Om stillinga:

Barnevernavdelinga har no ledig to stillingar som samfunnsøkonom/samfunnsvitar; eitt vikariat (førstekonsulent/rådgjevar) og ei fast stilling (rådgjevar/seniorrådgjevar). Vi søkjer etter samfunnsøkonomar ev. samfunnsvitarar til seksjonen for styring og forvalting.

Barnevernet er ein sektor med store og viktige utfordringar når det gjeld styring og økonomi, og seksjonen for styring og forvalting er eit fagmiljø med viktige bidrag i utviklinga av barnevernet. Seksjonen skal medverke med samfunnsøkonomiske vurderingar og godt utgreiingsarbeid. Seksjonen har ansvar for barnevernsavdelinga sitt arbeid med statsbudsjett på barnevernsområdet og styring av underliggjande verksemder, herunder Barne- ungdoms- og familiedirektoratet og Fylkesnemdene for barnevern og sosiale saker. Seksjonen har eit særleg ansvar for økonomioppfølging av det statlege barnevernet.  

Som medarbeidar i seksjonen vil du kunne få utgreiings- og analyseoppgåver om samfunnsøkonomiske effektar og kost-nyttevurderingar av aktuelle verkemiddel og tiltak. Seksjonen har ei viktig rolle i å førebu forslag i samband med statsbudsjettprosessen, og du vil både kunne få oppgåver knytt til utforming av konkrete budsjettforslag og koordinering av arbeidet med dei årlege budsjettproposisjonane.

Regjeringas politikk blir gjennomført i samarbeid med underliggande verksemder. Vi er etatsstyrarar og det ligg til stillinga å bidra til at styringa av underliggjande verksemder er godt koordinert og heilskapleg.

Arbeidsoppgåver vil avhenge av erfaring og kompetanse. Vikariatet varer til og med februar 2023.


Vi krev at du:

  • har utdanning på masternivå i samfunnsøkonomi, ev. samfunnsvitskap, med gode resultater
  • kan uttrykkje deg svært godt både munnleg og skriftleg

Vi legg vekt på at du:

  • har ei god samfunnsøkonomisk tilnærming til politiske og faglige problemstillingar
  • har røynsle eller kjennskap til barnevernet sitt arbeid

For seniorrådgjevarar legg vi vekt på at du:

  • har evne til strategisk og analytisk tenking
  • har røynsle med statleg budsjettarbeid og/eller styring av underliggande verksemder

Vi ønskjer at du som vert tilsett:

  • er fagleg engasjert
  • har evne til å samarbeide med andre fagretningar
  • er sjølvstendig, strukturert og med god gjennomføringsevne
  • har god rolle- og systemforståing og interesse for arbeid med politiske prosessar
  • har interesse for departementet sine arbeidsområder

Vi tilbyr:

  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver med gode høve til fagleg utvikling og til å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg i eit godt arbeidsmiljø
  • eigen fadder, og engasjerte og dyktige kollegaer
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • trening i arbeidstida
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • løn etter regulativet i staten i stillingskode førstekonsulent med løn frå kr. 458 900 - 530 000, rådgjevar med løn frå kr. 490 600 - 620 000 og seniorrådgjevar med løn frå kr. 535 200- 730 000

For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. For innplassering i dei ulike stillingskodane legg vi vekt på røynsle med arbeidsoppgåver som er relevante for stillingane.

For innplassering som rådgjevar krevst det minst to års relevant arbeidserfaring, medan innplassering som seniorrådgjevar krev minst fire års erfaring.


Andre opplysningar:

Vi ber om at attester og vitnemål blir lagt ved søknaden. Vi gjer merksam på at søkjarar kan bli oppførte på offentleg søkjarliste sjølv om dei har bedt om konfidensiell handsaming. Søkjarar vil i så fall bli varsla før offentleggjering.


Har du spørsmål?

Kontaktperson for stillingane er avdelingsdirektør Otto Leirbukt (tlf. 478 85 009).

Søknadsfrist: 18.05.2021.

 


BFD som arbeidsgjevar:

BFD ønskjer som arbeidsgjevar å spegle mangfaldet i samfunnet. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar uavhengig av bakgrunn, til å søkje jobb i departementet. Departementet arbeider for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 prosent av nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Opplysningar om dette kan bli brukt til registreringsføremål. Vi sørgjer for å leggje til rette arbeidsplassen der det er behov for det.


Søknadsfrist: 18.05.2021

Arbeidssted: Akersgata 59, 0180 Oslo

Arbeidsgiver:
Barne- og familiedepartementet

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler