Vil du jobbe med internasjonal vareflyt?
Tolletaten er ein etat i stadig utvikling. Vi har ein ambisiøs verksemdsstrategi og kan tilby spennande arbeidsoppgåver i ein organisasjon med mange endrings- og utviklingsprosessar.
Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen er organisert etter fagområde, og alle einingane har eit nasjonalt ansvar for dei respektive områda sine. Divisjonsdirektøren med tilhøyrande stab held til i Bergen.
Transitteringsseksjonen er ein del av regelavdelinga og har eit nasjonalt ansvar for å følgje opp transitteringssaker og behandle søknader som er relaterte til transitteringskonvensjonen. Seksjonen har òg produkteigaransvar for det elektroniske transitteringssystemet (NCTS/RAC). Tolletaten er for tida i gang med eit prosjekt som førebur overgangen til NCTS-fase 5, og seksjonen er involvert i dette arbeidet.
Den som blir tilsett, vil få arbeidsoppgåver innanfor eitt eller fleire av desse områda. Oppgåvene vil variere etter prioriteringane og satsingane som til kvar tid gjeld for seksjonen.
Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.
Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef Bjørn Erik Nygård på telefon 477 80 503 / bjorn.erik.nygard@toll.no.
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere nokon samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hòl i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.
Søknadsfrist: 31.01.2023
Arbeidssted: Oslo
Arbeidsgiver:
Tolletaten
Kontaktperson:
Bjørn Erik Nygård, seksjonssjef
bjorn.erik.nygard@toll.no
Tlf: 477 80 503