Vil du jobbe med saksbehandling innanfor vareførsel?
Tolletaten sitt samfunnsoppdrag er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. Vi tilbyr spennande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling. Tolletaten har ein ambisiøs verksemdsstrategi som krev at vi kontinuerleg tilpassar og vidareutviklar oss.
Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen er organisert etter fagområde, og alle einingane har eit nasjonalt ansvar for dei respektive områda sine. Divisjonsdirektøren med tilhøyrande stab er etablert med hovudkontor i Bergen.
Omrekningsseksjonen er ein del av regelavdelinga og har nasjonalt ansvar for å behandle søknader frå kundane våre om å endre tolldeklarasjonen. Seksjonen har òg ansvar for saksbehandling i samband med ønske om etterdeklarering.
Arbeidsoppgåvene vil variere etter prioriteringane og satsingane som til kvar tid gjeld for seksjonen.
Dersom du er interessert i å bruke kompetansen din på vareførsel og synest det er spennande å dykke ned i regelverket, kan denne stillinga vere noko for deg
Det er ein stor fordel om du har kjennskap til og interesse for fagområdet.
Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef Terje Nilsen på telefon 997 09 224 / terje.nilsen@toll.no.
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald, og vi ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. For å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt best mogleg treng vi medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse og med ulike perspektiv. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søknadsfrist: 30.01.2023
Arbeidssted: Oslo
Arbeidsgiver:
Tolletaten
Kontaktperson:
Terje Nilsen, seksjonssjef
terje.nilsen@toll.no
Tlf: 997 09 224