Førstetollinspektør/rådgiver til etterretningsseksjonen Oslo, analyseavdelingen i vareførselsdivisjonen

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Analyseavdelinga skal vere divisjonen sitt kompetansemiljø for taktiske og operative analysar, risikovurderingar og etterretning. Etterretningsarbeidet skal bidra til at vareførselsdivisjonen får dekt behovet for kritisk informasjon i samband med førebygging og kontroll. Vidare skal avdelinga bidra til å utvikle metodar, prosedyrar, teknologi og prosessar innanfor eige fagområde. Analyseavdelinga vil òg vere divisjonen sin samhandlingspartnar med andre fageiningar innanfor etterretning og analyse i tolletaten. 

Etterretningsseksjon Oslo er éin av to etterretningsseksjonar i analyseavdelinga. Den andre seksjonen er plassert i Bergen. Seksjonen i Oslo har eit særleg ansvar for å dekkje behovet for kritisk informasjon i samband med kontrollar i den registrerte vareførselen. Seksjonen vil ved behov støtte etterretningsseksjonen i Bergen. Etterretningsseksjon Oslo held til i Oslo og disponerer om lag 13–15 årsverk. Du rapporterer direkte til seksjonssjefen for etterretningsseksjonen i Oslo.

Som regelanalytikar vil du inngå i ei gruppe som jobbar med løpande etterretningar og analysar. Det vil bli gitt god opplæring i arbeidet. Du skal bidra til avgjerdsgrunnlag for ulike kontrolltiltak gjennom reglar/masker i den registrerte vareførselen. Tolletaten har ansvaret for eit nytt importkontrollsystem (ISC2) som skal knytast til og vareta norske interesser i det europeiske sikkerheitssamarbeidet. Du vil få særskilde oppgåver knytte til ICS2 i tillegg til å delta i anna etterretningsarbeid. 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • bidra til at vareførselsdivisjonen får dekt behovet for kritisk informasjon, mellom anna ved å setje i verk masker og reglar i ulike varestraumar – i samråd med regelgruppa
  • bidra til avgjerdsgrunnlag for ulike kontrolltiltak

Undervisnings- og foredragsoppgåver inngår i stillinga, og du må rekne med at det blir litt reising.

Kvalifikasjonskrav:

  • bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten eller bachelorgrad innanfor relevante fagområde som samfunnsøkonomi, statistikk eller samfunnsfag
  • ønskjeleg med erfaring frå etterretningsarbeid, risikoanalysar, kontrollarbeid eller anna relevant analysearbeid
  • evne til å jobbe både sjølvstendig og i team 
  • ønskjeleg med erfaring med bruk av digitale verktøy og samanstilling av ulike data

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar 
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som førstetollinspektør/rådgivar etter statens lønnsregulativ, kr 437 400–490 600 (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast) 
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad i moderne lokale på Helsfyr

Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen skal jobbe både med førebygging og kontroll for å sikre optimal etterleving. Vareførselsdivisjonen består av ein utviklingsstab, ein styringsstab og fem avdelingar: analyse-, brukardialog-, oppfølgings-, klassifiserings- og regelavdelinga.

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.  

Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef Håvard Nordermoen på tlf. 413 31 234, eller avdelingsdirektør Kjetil Birkeland Daatland på tlf. 474 08 554.

Du finn meir informasjon om å jobbe hos oss på toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og ved hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2021 en samlet budsjettramme på 1,761 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 22.04.2021

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Håvard Nordermoen, seksjonssjef
havard.nordermoen@toll.no
Tlf: 413 31 234

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler