Fylkesmann i Møre og Romsdal (mellombels)

Fylkesmannen leiar ei forvaltningseining med omfattande oppgåver og med om lag 150 tilsette. Kontorstaden er i Molde.

 

Den som søkjer må ha omfattande og god samfunnsinnsikt og samfunnsengasjement, samt røynsle frå og innsikt i offentleg forvaltning. Det må dokumenterast røynsle som leiar på høgt nivå frå offentleg og/eller privat verksemd eller frå organisasjonsarbeid. Evne og vilje til problemanalyse, til å nå resultat, til nyorientering og utvikling vert vektlagt, saman med dokumenterte resultat frå omstillingsprosessar. Det er ønskeleg med høgare utdanning.

 

Ei viktig oppgåve for fylkesmannen er samordning av statlege sektoroppgåver i høve til kommunane og fylkeskommunane. Det vert difor lagt vekt på evne til samarbeid, konflikthandtering og god sosial fungering. Vidare bør søkjarar ha gode evner til intern motivering og ekstern profilering av oppgåvene og organisasjonen.


Det mellombelse embetet som fylkesmann i Møre og Romsdal er ledig frå 1. januar 2019 og fram til ny fylkesmann tiltrer hausten 2021.

 

Det mellombels embetet vert lønna i leiarlønnssystemet i staten. Innskot til Statens pensjonskasse vert trekt frå i samsvar med gjeldande vedtak. Ut frå prinsippet om open sakshandsaming når det gjeld stillingar av særleg stor offentleg interesse, vil namna på alle søkjarane verte ført opp på ei offentleg søkjarliste, som det offentlege har innsynsrett i.

 

For nærare opplysingar om embetet, ta kontakt med departementsråd Eivind Dale, tlf. 22 24 68 08, eller ekspedisjonssjef Cathrin Sætre, tlf. 22 24 42 85.

 

Søknadsfristen er 3. januar 2019.

Søknadsfrist: 03.01.2019

Arbeidsgiver:
Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler