Har du lyst på ein spennande leiarjobb, og samtidig bu sentralt i Vestland fylke?

I Skatteetaten får du jobbe saman med nokre av dei beste på ditt fagfelt, du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde og du får moglegheit til å utvikle deg. I Skatteetaten jobbar alle mot eit felles mål, å sikre finansieringa av velferdsstaten. Skatteetaten består av eit direktorat, seks divisjonar med landsdekkande ansvar og 7 500 tilsette.

Divisjon Innsats har ansvar for skatte- og avgiftsområda som krev ekstra oppfølging for å sikre god etterleving. Det omfattar område med både stor kompleksitet og høgare risiko for feil og skatteunndraging. Divisjonen har ansvar for å følge opp etaten sitt arbeid med å motarbeide og førebygge arbeidslivskriminalitet. Innsats skal også sikra skattegrunnlaget ved internasjonale transaksjonar. Divisjonen består av rundt 1 700 årsverk.

Skatteetaten sin arbeidsstyrke skal gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar spesielt personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV til å søkje våre stillingar. Vi er ein IA-bedrift og vi vil leggje arbeidsforholda til rette for deg om du har behov for det.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Du vil bli varsla viss ønskje om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Førde er ein flott by i vekst, sentralt plassert i Vestland fylke mellom Bergen og Ålesund. Byen har eit rikt handelsliv og nærleik til fjell og fjord.

Skatteetaten er ein stor etat der leiarane våre må ha evna til å tenkje heilskapleg, og trivast med å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø. Vi ser etter deg som ønskjer å medverke til den spanande endringsreisa Skatteetaten står føre. Som leiar har du høve til å påverke eigen arbeidsdag. Du kjem inn i eit godt faglig og sosialt miljø ved eit kontor der vi legg vekt på å dele kunnskap og samhandle. Du vert motivert av nye utfordringar, trivast i leiarrolla og ynskjer å utvikle leiarskapen din og medarbeidarane dine.

Divisjon Innsats er ein av fire divisjonar i Skatteetaten som til saman har ansvaret for samfunnsoppdraget til etaten. Avdeling Fokusområder har ansvar for prioriterte risikoområde og komplekse tilhøve på skatte- og avgiftsområdet. Avdelinga er samansett av 3 seksjonar med ulike grupper lokalisert på fleire stader i landet. Denne seksjonen har tverrfagleg kompetanse, og har spisskompetanse på skatt og arbeidsgjevaravgift.

I Førde er det 2 grupper som skal forvalte og utvikle effektive verkemiddel. Gruppa skal også handtere og førebyggje avvik frå regelverket. For tida har gruppene eit særskilt ansvar for sjømatnæringa. Du blir leiar av den eine gruppa med 14 medarbeidarar.

 

For å ta vare på samfunnsansvaret og motverke følgjene av Covid-19, følgjer Skatteetaten dei nasjonale råda frå helsestyresmaktene. Vi gjennomfører difor alle intervjua på video inntil vidare.
 

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å jobbe med aktuelle saker for samfunnet
  • Utfordrande oppgåver og store fagmiljø
  • Kompetanseutvikling
  • Fleksitid og betalt overtid
  • Trening i arbeidstida
  • Ein raus personalpolitikk
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

Stillinga blir løna som underdirektør (kode 1059), frå kr 700 000 – kr 850 000, avhengig av kvalifikasjonar. Noko reiseverksemd må påreknast.

Det er seks månadar prøvetid

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning frå universitet/høgskule på bachelornivå, særskilt innan eit av fagområda økonomi, revisjon, leiing, skatt og avgift. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet 
  • Erfaring som leiar og gjerne erfaring frå omstillings- eller endringsprosessar 
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Kompetanse innan skatte- og forvaltningsrett er ein fordel, men ikkje eit krav

Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.

Personlige egenskaper

  • er god til å motivere og skape engasjement 
  • er endringsorientert og og nytenkjande    
  • er nysgjerrig og læringsvillig
  • er en lagspelar med fokus på samarbeid internt og eksternt
  • er god til å kommunisere
  • har pågangsmot og evne til å gjennomføre endringar

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 19.05.2021

Arbeidssted: Førde

Arbeidsgiver:
Innsats, Skatteetaten
Hafstadvegen 21
6800 Førde

Kontaktperson:
Ove Roar Buan
Tlf: 993 39 989

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler