HMS-rådgivar i vareførselsdivisjonen

Er du den nye HMS-rådgivaren vår?

Tolletaten er ein kontrolletat i spennande utvikling og med mange endrings- og utviklingsprosessar. 1. oktober 2020 ferdigstilte tolletaten ei fullstendig omorganisering. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft. 

Vareførselsdivisjonen er etablert med hovudkontor i Bergen. Vi søkjer no etter ein rådgivar til styringsstaben som vil få ansvar for HMS-arbeidet i divisjonen. Vi ser for oss at du har erfaring med og trivst med rådgiving på HMS-området, at du er god på samarbeid, og at du kan gjennomføre grundige analysar. Rolla vil krevje at du er ein aktiv pådrivar samtidig som du blir motivert av utviklingsarbeid.

Styringsstaben skal støtte divisjonsdirektøren i utøvinga av rollene som linjeleiar, arbeidsgivar og fagmyndigheit. Staben skal sikre heilskapleg styring og utvikling av divisjonen og bidra til

  • effektiv og framtidsretta drift​ og kontinuerleg forbetringsarbeid i heile divisjonen​
  • effektiv oppgåveløysing, koordinering og heilskaplege løysingar​
  • kompetanseutvikling i tråd med behova til etaten​
  • medbestemming og varetaking av HMS​

Styringsstaben skal vidare støtte divisjonsleiarane og bidra til å løyse oppgåver i samband med styring, planlegging, koordinering, analyse, rådgiving, rapportering og revisjon.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • ha ansvar for rådgiving og gi støtte i HMS-spørsmål overfor leiarane, vernetenesta og medarbeidarane i divisjonen
  • følgje opp HMS-leiingssystemet
  • utarbeide HMS-handlingsplanar
  • drifte arbeidsmiljøutvalet i divisjonen
  • samarbeide med bedriftshelsetenesta
  • utføre analyse- og rapporteringsarbeid
  • gjennomføre interne revisjonar og risikoanalysar 

Kvalifikasjonar: 

  • relevant utdanning på bachelornivå (svært god realkompetanse frå fagfeltet kan i spesielle tilfelle erstatte kravet om bachelorgrad)
  • relevant erfaring med HMS-arbeid
  • god kunnskap om lov-, avtale- og regelverk knytt til HMS
  • Personlege eigenskapar:
  • god til å kommunisere – både munnleg og skriftleg
  • løysingsorientert, fleksibel og med god gjennomføringsevne
  • høg fagleg og personleg integritet
  • god på å byggje relasjonar
  • analysekompetanse

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med hyggjelege og kompetente kollegaer 
  • eit interessant arbeidsfelt som du sjølv kan vere med og forme
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • lønn som rådgivar etter statens lønnsregulativ, lønnsspenn frå kr 500 000–600 000 (For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.)

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte stabsleiar Kari Christine Moldekleiv på tlf. 404 72 635.

Meir informasjon om å jobbe i tolletaten finn du på www.toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 02.11.2020

Arbeidssted: Vestland

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Kari Christine Moldekleiv, stabsleiar
Tlf: 404 72 635

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler