HR-rådgivar

I personal- og organisasjonsseksjonen er det ledig ei fast stilling som HR-rådgivar.

 

Personal- og organisasjonsseksjonen har mellom anna ansvaret for organisasjonsutvikling og gjennomføring av leiar- og kompetanseutviklingstiltak. Seksjonen tar hand om arbeidsgivarfunksjonen og utvikling og oppfølging av personal- og lønspolitikken i departementet.

 

Arbeidsoppgåver

Som HR-rådgivar hos oss får du ansvar for arbeidet med kompetanseutvikling, rekruttering og departementet si eiga oppfølging på arbeidsmiljøområdet. Oppgåvene dine vil vere knytt til både utviklingsarbeid og driftsoppgåver med løpande fristar. Du vil òg kunne få andre oppgåver innanfor seksjonen sitt ansvarsområde ut i frå kompetansen og interesseområda dine.

 

Kvalifikasjonar

Du må ha høgare relevant utdanning på masternivå, og det er ein fordel med HR i fagkretsen. Du må òg ha erfaring frå HR-arbeid i kunnskapsorganisasjonar, gjerne innanfor kompetanseutvikling, rekruttering og/eller arbeidsmiljø. Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

 

Vi søker ein engasjert og positiv medarbeidar, som tar initiativ og bidreg i videreutviklinga av departementet sitt HR-arbeid. Arbeidet krev langsiktig og strukturert jobbing, men du må også ha evne til å handtere meir uføresette oppgåver med kortare tidsfristar. Det er viktig at du er god til å planleggje og gjennomføre oppgåvene dine. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men òg trivst med å jobbe i lag med andre for å løyse større oppgåver.

 

Vi tilbyr

  • jobb i ein organisasjon som er tett på dei politiske beslutningsprosessane
  • høve til jobbe med kompetanseutvikling i eit kompetent fagmiljø
  • fleksibel arbeidstid og gode pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • lønsspenn: kr 451 000 – 590 000

Generell informasjon

  • Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
  • Som IA-verksemd legg departementet vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda for personar med nedsett funksjonsevne. Søkarar som synleggjer at dei har redusert funksjonsevne, vil bli innkalla til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillinga.
  • Med heimel i offentleglova kan ein søkar offentleggjerast sjølv om han/ho har bedt om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Vedkommande vil i tilfelle bli varsla.

Kontaktinformasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte avdelingsdirektør Eva Strømsnes på telefon 488 92 386.

Søknadsfrist: 28.11.2017

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
Arbeids- og sosialdepartementet

Kontaktperson:
Eva Strømsnes
Tlf: 488 92 386

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler