HR-rådgivar til kompetanseseksjonen

Blir du motivert av å bidra til utvikling i ein viktig offentleg etat?  

Tolletaten er i spennande utvikling og fullførte ei fullstendig omorganisering 1. oktober 2020. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft. I tillegg har etaten ei rekkje digitaliseringsprosjekt som føreset kompetansedreiing og utvikling hos dei tilsette i åra framover. 

Kompetanseseksjonen har koordinerings- og forvaltingsansvar for tollfagleg utdanning, som frå hausten 2021 er ein nyskapande bachelorgrad i toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger (sjå uis.no/toll). I tillegg har seksjonen fagansvar for strategisk kompetansestyring, kompetanseutvikling og leiarutvikling for tolletaten og skal bidra i langtidsplanlegginga innanfor alle dei nemnde områda. 

Vi søkjer deg som har pågangsmot, er nytenkjande og har erfaring med utvikling av digitale læringsprosessar. I kompetanseseksjonen vil du bidra til utvikling, administrasjon og gjennomføring av opplæring og kompetansehevande tiltak for heile tolletaten. Du må derfor vere oppdatert på pedagogisk metodikk og kunne omsetje komplekse fagområde til opplæringstiltak som skal bidra til å dekkje kompetansebehovet til tolletaten. Gjennom arbeidet som rådgivar i kompetanseseksjonen får du innsikt i ein utviklingsorientert organisasjon og ein arbeidskvardag som er prega av samarbeid på tvers av divisjonar og fagområde.  

Sentrale arbeidsoppgåver:  

  • forvaltingsansvar for Learning Management System (LMS) i etaten 
  • koordinerande ansvar for Office365 i HR-avdelinga 
  • produksjon av digitale læringsmodular 
  • utvikling, administrering og gjennomføring av opplæringstiltak for leiarar og medarbeidarar 
  • pedagogisk rådgiving og samarbeid med fagmiljø i utvikling av opplæringsmateriell 

Andre oppgåver i HR-avdelinga kan vere aktuelle avhengig av behov og kompetanse.  

Kvalifikasjonskrav:  

  • mastergrad innanfor relevante fagområde, fortrinnsvis pedagogikk med vekt på læring i arbeidslivet eller pedagogikk og IKT 
  • erfaring frå etablering, utvikling og forvalting av Learning Management Systems (LMS) 
  • erfaring med kompetanseutvikling i ei større og samansett verksemd 
  • erfaring med produksjon av digitale og fysiske læringstiltak 
  • erfaring med prosjektarbeid  
  • erfaring med innføring av nye tekniske verktøy 

Det er nødvendig at du: 

  • har ei utviklingsorientert tilnærming og tek initiativ til å finne 
  • løysingar og svar på faglege spørsmål 
  • arbeider strukturert og sjølvstendig og er oppteken av kvalitet i leveransane dine 
  • har gode samarbeidsevner 
  • har god organisasjonsforståing 
  • har høg serviceinnstilling og evne til å byggje relasjonar til dei tilsette i tolletaten 
  • evnar å tenkje strategisk og samtidig gjennomføre praktiske tiltak 

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente arbeidskollegaer 
  • gode høve til utvikling og påverknad i ein viktig offentleg etat 
  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 500 000–650 000, avhengig av kvalifikasjonar (for svært godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast) 
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse 
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida 
  • arbeidsstad i nyoppussa lokale i Oslo sentrum, like ved Oslo S  

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.  

Kompetanseseksjonen er underlagd HR-avdelinga, som er ein del av administrasjonsdivisjonen og har ansvaret for prosessar knytte til økonomi og rapportering, HR, strategi og plan, bedriftshelseteneste og anskaffingar og fellestenester. HR skal leggje til rette for at tolldirektøren kan utøve arbeidsgivarrolla si, inkludert å sørgje for medbestemming etter hovudavtalen og hovudtariffavtalen på verksemdsnivå. Avdelinga skal sikre ein einskapleg praksis, bidra til langtidsplanprosessen på HR-området og utvikle og forvalte standardar for prosessar og kvalitet på sentrale leveransar for HR i heile etaten og leggje til rette for digital HR. 

Inkludering og mangfald 

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.  

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte underdirektør Steinar Henriksen på telefon 969 41 368. Meir informasjon om å jobbe i tolletaten finn du på toll.no/jobb.  

Tiltreding så snart som mogleg. 

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 04.12.2020

Arbeidssted: Viken

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Steinar Henriksen, underdirektør
svhe@toll.no
Tlf: 969 41 368

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler