Inspektør - arbeidslivskriminalitet

Arbeidstilsynet – for eit godt arbeidsliv!

Arbeidstilsynet kontrollerer at  arbeidsmiljølova følgjast, og vi gjev rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med meir enn 18 000 arbeidsplassar i heile landet, og vi gjev råd og informasjon via vår telefonteneste, chat, e-post og Facebook. Etaten har 650 tilsette, og er underlagt Arbeids- og sosialdepartementet.

Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?
 
No har du moglegheita når vi søker inspektør/seniorinspektør til Arbeidstilsynet, Avdeling a-krim, seksjon Vest i Bergen.
Vi søker deg som ønsker å jobbe med utfordringane som arbeidslivskriminalitet (a-krim) representerer, som
har analytisk kompetanse og som skjønner at arbeidslivskriminalitet er eit samansett samfunnsproblem som må løysast i samarbeid med andre.
 
Stillinga har kontorstad i Bergen, men høyrer til ein seksjon som har medarbeidarar ved fleire lokasjonar i område Vest (Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal). Du vil bli ein del av fagmiljøet i det tverretatlege samarbeidet på a-krimsenteret i Bergen.
 
Du må rekne med  noko reising i jobben.

Vi tilbyr

  • løn som inspektør/seniorinspektør (kode 1343/1371) i Statens lønsregulativ. Lønsplassering etter kvalifikasjonar, innan kr 515 000 til kr 700 000
  • lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • fleksitidsordning
  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • gode høve for personleg og fagleg utvikling
  • høve til å medverke og påverke eigen arbeidskvardag

Tilsetting skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten. Den som blir tilsett, må rekne med at det kan bli endringar i arbeids- og ansvarsområda for stillinga.
 
Tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eiga eller for andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i ei verksemd som er underlagd tilsyn frå Arbeidstilsynet. Den tilsette må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller liknande organ i ei slik verksemd. I særlege høve, og når det ikkje skader tenesta, kan direktøren i Arbeidstilsynet gjere unntak frå dette forbodet.
 
Det er viktig for Arbeidstilsynet å spegle befolkninga, og vi ønsker alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss som ein inkluderande arbeidsplass og legg arbeidskvardagen til rette dersom du har behov for det. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkomen til å søke jobb hos oss.
 
Du kan be om at søknaden blir unntatt offentlegheit. Du må grunngi dette i søknaden. Du blir kontakta dersom grunngivinga ikkje oppfyller vilkåra for unntak.

Kvalifikasjoner

  • utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring eller yrkesbakgrunn kan kompensere for manglande formell utdanning
  • nokre års arbeidserfaring, gjerne innan tilsyn, rettleiing eller etterforskingsarbeid. Juridisk eller samfunnsfagleg bakgrunn kan vere relevant
  • erfaring frå arbeid med HMS
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort for personbil (B)

Det er en fordel om søkere har følgende kompetanse:

  • erfaring frå analysearbeid, informasjonsinnhenting/-arbeid, databasearbeid
  • kunnskap om arbeidsmarknaden og utfordringar med arbeidslivskriminalitet
  • kunnskap om krava i arbeidsmiljølova til arbeidsmiljøa i verksemder
  • erfaring frå arbeid med å hindre arbeidslivskriminalitet
  • erfaring frå rettleiing
  • brei yrkeserfaring

Personlige egenskaper

  • har evne og lyst til å jobbe med tilsyn og rettleiing i ein myndigheitsrolle
  • tar initiativ, og har god evne til å gjennomføre og evne til å skape resultat
  • samarbeider godt i ulike team, internt og eksternt
  • jobbar systematisk, er god til å prioritere og styrer eigen arbeidskvardag

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 26.05.2021

Arbeidssted: Bergen

Arbeidsgiver:
Avdeling arbeidslivs-kriminalitet, Arbeidstilsynet
Nonnesetergaten 4
5015 Bergen

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler