Java-utviklar til systemseksjonen

Tolletaten er ein viktig samfunnsbeskyttar og grenseetat som har som hovudoppgåve å verne samfunnet mot ulovleg inn- og utførsel av varer og leggje til rette for korrekt og effektiv vareflyt over grensene. Vi tilbyr spennande og krevjande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i endring. Vi er organiserte i eit sentralt direktorat og seks operative tollregionar og rapporterer til Finansdepartementet.

 

Tolletaten blir utvikla og forbetra med digitalisering som eit sentralt strategisk verkemiddel. Vi skal etablerer nye digitale kanalar mot næringslivet, private og offentlege myndigheiter. Fleire store systemutviklingsprosjekt er sette i gang, og nye er under planlegging. Etaten satsar mellom anna på digitale løysingar innanfor etterretning og analyse av store datamengder for å drive smartare og meir effektiv kontroll.

Vi ser etter deg med solid erfaring frå systemutvikling og funksjonell design. Stillinga er plassert i systemseksjonen i IT-avdelinga.

 

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer primært fullstack-utviklarar som har erfaring med smidig utvikling på Java-plattform, men rein frontend- eller backend-kompetanse eller data science kan òg vere av interesse. Du vil vere ein del av eit utviklingsteam som vidareutviklar og forvaltar løysing ar som er baserte på Java og open source-produkt.

 

Personlege eigenskapar:

  • er interessert i og har evne til å forstå kompleks forretningslogikk
  • er strukturert og kvalitets- og resultatorientert
  • ønskjer å jobbe med både detaljar og heilskap
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

 

Vi legg vekt på personlege eigenskapar

 

Kvalifikasjonar:

  • IT-utdanning frå høgskule eller universitet, bachelor eller høgare
  • erfaring med utvikling og vedlikehald av serverlogikk «back-end»
  • erfaring med Java, fortrinnsvis Java SE8
  • erfaring med søk
  • erfaring med utvikling og vedlikehald av serverlogikk «back-end 87;, JavaScript «front-end» eller dataanalyse basert på Python, R, Java eller Spark MLLib
  • erfaring med nokre av følgjande teknologiar vil telje positivt: XML, REST/SOAP-baserte tenester, Atom-feeds, mikrotenester, tenesteorientering og erfaring med støtteverktøy for versjonskontroll og byggverktøy som Git og Bitbucket, Maven, Nexus, Docker, Jenkins, Splunk, Confluence, Jira og gjerne Openshift
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk, gjerne òg på engelsk

 

Vi tilbyr:

  • lønn etter statens regulativ som rådgivar eller seniorrådgivar, 517 700 - 686 900 avhengig av kvalifikasjonar (for spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • utfordrande oppgåver, eit spennande fagmiljø og fagleg utvikling
  • ei handl ekraftig verksemd med korte avgjerdsvegar som satsar strategisk på nye løysingar og kompetanse innanfor data science
  • godt kollegialt og sosialt miljø
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksitid og høve til å trene i arbeidstida

 

I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli lagd til rette ved behov.

Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på offentleg søkjarliste, må du opplyse om det og grunngi det i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedd om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Vi varslar deg dersom reservasjonen ikkje blir teken til følgje.

 

Vi nyttar SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Nærmare opplysningar om dei aktuelle arbeidsområda kan du få ved å kontakte fungerande underdirektør Espen Closs på tlf. 995 51 905 (escl@toll.no) eller kontorsjef Terje Tvete på tlf. 918 21 563 (tstv@toll.no).

Søknadsfrist: 09.10.2017

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Espen Closs
escl@toll.no
Tlf: 995 51 905

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler