Juridisk seniorrådgjevar

Arbeidstilsynet – for eit godt arbeidsliv!
Arbeidstilsynet jobber for at alle arbeidstakarar i Noreg skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. Vi kontrollerer at  arbeidsgjevarane følgjer arbeidsmiljølova, og vi gjev rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med meir enn 18 000 arbeidsplassar i heile landet, og vi gjev råd og informasjon via vår telefonteneste, mail og Facebook. Arbeidstilsynet består av sju regionar med tilhøyrande tilsynskontor, svartenesta i Bodø og direktoratet i Trondheim. Etaten har 650 tilsette, og er underlagt Arbeids- og sosialdepartementet.
 

Med heimel i offentleglova kan ein søkjar offentleggjerast sjølv om han/ho har bede om ikkje å bli oppført i søkjarlista. Vedkomande vil i tilfelle bli varsla på førehand.

www.arbeidstilsynet.no

 

Ved tilsynskontoret i Bergen er det ledig to stillingar som juridisk seniorrådgjevar.
Arbeidstilsynet skal bidra til eit godt arbeidsliv ved å påverke verksemdene til å jobbe systematisk med helse, miljø og tryggleik.
Innsatsområda er organisatorisk arbeidsmiljø, psykososiale forhold, ergonomi, teknisk tryggleik, førebygging av ulukker, kjemiske og biologisk eksponering, og arbeid mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
Kontoret har 30 tilsette som gjennomfører tilsyn, rettleiing, sakshandsaming og prosjektarbeid innan fagområdet arbeidsmiljø.
Arbeidstilsynet utviklar seg i samsvar med behova i samfunnet. Vi tek difor atterhald om endring av arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr

Arbeidstilsynet ynskjer å vere ein god arbeidsplass som gjev fagleg og personleg utvikling. Vi har inngått avtale om inkluderande arbeidsliv.
Mangfald er viktig for oss og me ynskjer å spegle av folkesetnaden generellt. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

  • Stillinga vil verte plassert i Statens lønsreglativ, som seniorrådgjevar med lønnsnivå, kr 530 000 - 680 000.
  • Frå løna vert det trekt 2 % til tilskot i Statens pensjonskasse.
  • Stillinga har 6 månaders prøvetid.
  • Tilsette i Arbeidstilsynet har svært avgrensa høve til å ha bi-erverv utanfor etaten.
  • Ein må rekna med noko reising. Skyss- og kostgodtgjersle etter Staten sitt regulativ .

Send søknad, vitnemål og attestar via lenka nedanfor. Vi gjer oppmerksam på at CV vert nytta i utvida søkjarliste. Vitnemål og attestar tek du med på eit eventuelt intervju.

For nærare opplysningar, kontakt tilsynsleiar Marita Scott mobil (+47) 465 00 60

Kvalifikasjoner

  • juridisk embetseksamen / mastergrad i rettsvitskap
  • relevant erfaring innan arbeidsrett
  • erfaring frå arbeid med rettleiing og informasjon
  • kunnskap om helse-, miljø- og tryggleiksarbeid
  • skriftleg bokmål og nynorsk
  • munnleg og skriftleg engelsk

Personlige egenskaper

  • samfunnsengasjert, initiativrik og resultatorientert
  • god kommunikasjonsevne
  • fokus på kvalitet og tek ansvar for å nå mål
  • god til å samarbeide med andre og arbeide sjølvstendig

Det vert lagt stor vekt på om søkjaren er personleg skikka til stillinga.

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 26.08.2019

Arbeidssted: Bergen

Arbeidsgiver:
Arbeidstilsynet Vestlandet
Gulatingplass 1
5012 Bergen

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler