Jurist -  rådgjevar/seniorrådgjevar, vikariat



Arbeidstilsynet – for eit godt arbeidsliv!

Arbeidstilsynet kontrollerer at  arbeidsmiljølova følgjast, og vi gjev rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med meir enn 18 000 arbeidsplassar i heile landet, og vi gjev råd og informasjon via vår telefonteneste, chat, e-post og Facebook. Etaten har 650 tilsette, og er underlagt Arbeids- og sosialdepartementet.

Arbeidstilsynets A-krimavdeling, seksjon Vest, har ledig eit vikariat som juridisk
rådgjevar/seniorrådgjevar.


Arbeidstilsynet skal bidra til eit godt arbeidsliv ved å påverke verksemdene til å jobbe systematisk med helse, miljø og tryggleik. Innsatsområda er organisatorisk arbeidsmiljø, psykososiale forhold, ergonomi, teknisk tryggleik, førebygging av ulukker, kjemiske og biologisk eksponering, og arbeid mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

Stillinga er knytta til vår A-krim avdeling, seksjon Vest. Den tilsette vil ha kontorstad i eit tverretatlig a- krimsenter, saman med Politiet, Skatteetaten, og NAV. Noko reising må påreknast. 

Arbeidstilsynet utviklar seg i samhøve med behova i samfunnet. Vi tek derfor atterhald om endring av arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr

  • Løn som rådgjevar stillingskode 1434 eller løn som seniorrådgjevar stillingskode 1364.
    Stillinga vert løna etter erfaring og kvalifikasjonar, og ligg normalt frå kr 515 000 til kr 730 000.
  • lån og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • høve til personleg og fagleg utvikling
  • høve til å medverke til og påverke eigen arbeidskvardag

  • Tilsetting skjer på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som vert tilsett må rekne med at arbeids- og ansvarsområde for stillinga kan bli endra.

    Det er viktig for Arbeidstilsynet å spegle folkesetnaden, og vi ønsker alle kvalifiserte søkarar velkomen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss som ein inkluderande arbeidsstad og legg arbeidskvardagen din til rette viss du treng det. Du er også velkomen til å søke til oss viss du i periodar har vore utan arbeid, utdanning eller opplæring.

    Tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eiga eller for andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i ei verksemd som er underlagd tilsyn frå Arbeidstilsynet. Den tilsette må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller liknande organ i ei slik verksemd.
    I særlege høve, og når det ikkje skader tenesta, kan direktøren i Arbeidstilsynet gjere unntak frå dette forbodet. 

    Du kan be om at søknaden din vert unnateken offentleg innsyn. Du må grunngi dette i søknaden. Vi kontaktar deg viss grunnane du har gitt ikkje oppfyller krava til unntak. 

Kvalifikasjoner

  • juridisk embetseksamen / mastergrad i rettsvitskap
  • relevant erfaring innan arbeidsrett
  • erfaring frå arbeid med rettleiing og informasjon
  • kunnskap om helse-, miljø- og tryggleiksarbeid
  • skriftleg bokmål og nynorsk
  • munnleg og skriftleg engelsk 

Personlige egenskaper

  • er samfunnsengasjert, initiativrik og resultatorientert
  • gode kommunikasjonsevner
  • har fokus på kvalitet og tek ansvar for å nå dei planlagte måla
  • god til å samarbeide med andre og arbeide sjølvstendig
  • Det vert lagt stor vekt om søkjaren er personleg skikka til stillinga.

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 03.12.2020

Arbeidssted: Bergen

Arbeidsgiver:
Avdeling arbeidslivskriminalitet Vest, Arbeidstilsynet
Gulatingsplass 1
5014 Bergen

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler