Jurist - tilsyn (vikariat)



Arbeidstilsynet – for eit godt arbeidsliv!

Arbeidstilsynet kontrollerer at arbeidsmiljølova blir følgd og gir rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan medverka til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med arbeidsplassar over heile landet, og vi gir råd og informasjon om arbeidsmiljø på telefon, chat, e-post og på Facebook. Etaten har 630 tilsette, og er underlagd Arbeids- og sosialdepartementet

Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?

Arbeidstilsynet jobbar for at alle arbeidstakarar skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. No treng vi ein jurist (i vikariat) til å følge opp at verksemdene sjølv tek hand om sitt ansvar etter arbeidsmiljølova, allmenngjeringslova og anna regelverk der Arbeidstilsynet har mynde.

Som jurist i Arbeidstilsynet får du høve til å jobbe tett på norsk arbeidsliv. Vi søker etter deg som trivast med saksbehandling, rettleiing og kvalitetssikring i tett samhandling med kollegaer – både juristar og inspektørar. Om du i tillegg er ein som tek initiativ, er strukturert og god til å samarbeide vil vi gjerne høyre frå deg.

Stillinga høyrer til ein seksjon som har medarbeidarar ved tilsynskontor i område Vest (Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal). Seksjonen arbeider per i dag hovudsakeleg med næringane overnatting og servering, transport og reinhald.

Kontorplassering i Bergen eller Stavanger kan vurderes nærmere for søkere som ønsker det. På kontorene er det kollegaer frå fleire seksjonar i eit tverrfagleg miljø med inspektørar innan ulike fagområde, samt og juristar. Jobben inneber noko reising. 

Vi ønsker oppstart så snart som mulig.     

Vi tilbyr

  • løn som rådgjevar/seniorrådgjevar (kode 1434/1364) i Statens lønsregulativ. Lønsplassering etter kvalifikasjoner, normalt innan kr 530 000 til kr 700 000
  • lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • fleksitidsordning
  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • gode høve for personleg og faglig utvikling
  • høve til å medverke og påverke eigen arbeidskvardag

Tilsetting skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som blir tilsett må rekne med at det kan bli endringar  i  arbeids- og ansvarsområda for stillinga.
 
Det er viktig for Arbeidstilsynet å spegla befolkninga, og vi ønsker alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeidar aktivt med å utvikle oss som ein inkluderande arbeidsplass og legg arbeidskvardagen til rette dersom du har behov for det. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søke jobb hos oss.

Tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eiga eller for andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i ei verksemd som er underlagd tilsyn frå Arbeidstilsynet. Den tilsette må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller liknande organ i ei slik verksemd. I særlege høve, og når det ikkje skader tenesta, kan direktøren i Arbeidstilsynet gjere unntak frå dette forbodet. 

Du kan be om at søknaden blir unntatt offentlegheit. Dette må bli grunngitt i søknaden. Du blir kontakta dersom grunngivinga ikkje oppfyller vilkåra for unntak.
 

I perioden fra 06.07.21 til 10.08.21 kan BackUp ved Vanessa Gilje Børresen kontaktes på mobil 99425275. Perioden før og etter dette kan seksjonsleder kontaktes.  

Kvalifikasjoner

  • juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
  • arbeidserfaring frå ei eller fleire av arbeidsoppgåvene nemnt over er ønskeleg
  • erfaring innan arbeidsrett og/eller strafferett er ønskeleg
  • erfaring frå saksbehandling, rettleiing og kontroll er ønskeleg
  • kunnskap om forvaltningslova og offentleglova er ønskeleg
  • kunnskap om og erfaring frå arbeid med HMS er ønskeleg
  • kunnskap om og erfaring med lovens bestemmelser som regulerer krav til arbeidsmiljøet på det psykososiale og organisatoriske området er ønskeleg
  • kunnskap om og erfaring med arbeidstidsbestemmelsene er ønskeleg
  • god munnleg og skriftleg framstilling på norsk og engelsk
  • førarkort for personbil (B)

Personlige egenskaper

  • har evne og lyst til å jobbe som jurist i ei myndigheitsrolle
  • tar initiativ, gjennomfører og skaper resultat
  • samarbeider godt i ulike team, internt og eksternt
  • jobbar systematisk, er god til å prioritere og styrer eigen arbeidskvardag
  • er nysgjerrig og fleksibel

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 08.08.2021

Arbeidssted: Haugesund

Arbeidsgiver:
Arbeidstilsynet
Ludolf Eidesgate 6
5525 Haugesund

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler