Jurist

Skatteetaten sitt samfunnsoppdrag er å sikre det finansielle hovudgrunnlaget for offentleg sektor i Noreg. No omorganiserar vi for å møte stadig raskare endringar i samfunnet. Den nye organisasjonen består av eit direktorat, seks divisjonar med landsdekkande ansvar, og 6 700 tilsette. Vil du vere med på å bringe etaten vidare?

Skattejurist
Skatteetaten søkjer jurist for å styrkje arbeidet innanfor utlandsområdet. Du får høve til å jobbe med interessante arbeidsoppgåver som gir deg verdifull erfaring og spesialkompetanse innanfor et spennande fagfelt.

Skatteetaten er under omorganisering og vi får ein ny organisasjon med landsdekkande oppgåveløysing frå 1. januar 2019. Omorganiseringa vil også gjelde for denne juriststillinga.

Innhaldet i stillinga vil kunne forandre seg over tid, mellom anna som følge av interne organisasjonsendringar.

Vi tilbyr

høve til å jobbe med samfunnsaktuelle saker
utfordrande oppgåver og store fagmiljø
kompetanseutvikling
fleksitid og betalt overtid
trening i arbeidstida
ein raus personalpolitikk
medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av Noregs beste pensjonsordningar

Stillinga er lønna som skattejurist (kode 1413), kr 470 000 til kr 580 000, eller seniorskattejurist (kode 1501), kr 520 000 til kr 640 000, avhengig av kvalifikasjonar. Dei første seks månadane blir rekna som prøvetid.

Generelt:
Skatteetaten har personalpolitiske mål om å spegle samansetjinga i samfunnet når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og vi ønskjer søkjarar frå alle samfunnslag. Som IA-bedrift vil vi også leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført i den offentlege søkjarlista, må du grunngi det. Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har oppmoda oss om å ikkje føre deg opp i søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, blir du varsla om det.

Det gjeld særskilde reglar for bistilling og deltaking i næringsverksemd. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som følgjer av lovene, instruksane og reglementa som gjeld for stillinga. Vi ber om at søkjarane registrerer søknad og CV via nettsidene www.skatteetaten.no eller www.nav.no. Kopi av vitnemål/karakterutskrift må leggjast ved søknaden.

Kvalifikasjoner

Du må ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitenskap. Eksamenskandidatar i år kan også søke.Tilsetjing krev bestått eksamen.
Relevant erfaring og særskilt interesse for området vil bli vektlagt.
God skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk (nynorsk og bokmål) og engelsk.
Du må ha god forståing for og erfaring med dataverktøy.

(Internasjonale grader må vere godkjende av NOKUT på søknadstidspunktet.)

Personlige egenskaper

Du er ein profesjonell, imøtekommande og nytenkande person, og ønskjer nye utfordringar i ein etat i utvikling.
Du arbeider sjølvstendig, tar eigne initiativ og har ei offensiv og uredd haldning til nye oppgåver.
Du trivst i miljø med tverrfagleg samarbeid.
Du har evne til å sjå heilskapen og tenkje analytisk.
Du er god til å formidle fagleg kunnskap.
Du er engasjert, positiv og har godt humør.
Du har stor arbeidskapasitet og trivst med høgt arbeidstempo

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 23.10.2018

Arbeidssted: Stavanger

Arbeidsgiver:

Lagårdsvei 46
4010 Stavanger

Kontaktperson:
Gerhard Nærheim
Tlf: 51 91 73 03

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler