Juristar til juridisk seksjon i grensedivisjonen

Tolletaten er i spennande utvikling, med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Etaten er nyleg omorganisert og har etablert seg med eit moderne hovudkontor for grensedivisjonen i Moss. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting for varestraumar og grensekontroll og til auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Grensedivisjonen består av seks geografiske område med ansvar for fysisk kontroll og ekspedisjon ved tollstadene, ei avdeling med ansvar for operative fellesfunksjonar, ein fagstab og ein styringsstab. Juridisk seksjon høyrer til operativ fellesavdeling.

Som tilsett ved grensedivisjonen i operativ fellesavdeling bidreg du i den operative utøvinga av kjerneoppgåvene som blir utførte i dei seks geografiske områda. Operativ fellesavdeling har mellom anna ansvar for å levere avgjerdsstøtte, hjelp og støtte i den operative gjennomføringa og følgje opp saker i etterkant av kontrollar.

Som jurist hos oss i juridisk seksjon er du ei viktig støtte og ein bidragsytar i arbeidet med å vareta alle sanksjoneringsoppgåver i divisjonen, inkludert oppfølging av forhold som blir avdekte i grensedivisjonen, og juridiske heimelsvurderingar innanfor ansvarsområda til divisjonen. Du vil òg bidra med juridisk kvalitetssikring i arbeidet med divisjonen sitt ansvar for forvalting og utvikling av digitale verktøy og systemstøtte for kontrollutøvinga, inkludert data-/informasjonsforvalting. Å sikre rettane til dei registrerte samtidig som vi varetek samfunnsoppdraget vårt innanfor gjeldande handlingsrom, vil vere ein del av rolla som jurist hos oss.

Vi søkjer no etter to–tre juristar som vil vere med og utvikle ei heilskapleg tilnærming til saksbehandlinga i grensedivisjonen, bidra med juridiske vurderingar innanfor kontrollutøvinga og støtte divisjonen med juridisk kompetanse i samband med utvikling og forvalting av systemstøtta til divisjonen.

Juridisk seksjon blir leidd av ein seksjonssjef og består av 18–22 årsverk. 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • juridisk arbeid innanfor ansvarsområda til grensedivisjonen
  • personvern og informasjonssikkerheit
  • forvaltingskontroll – sikre etterleving av lover og reglar 
  • sanksjonering og saksbehandling
  • behandling av klager og erstatningskrav
  • dialog med påtalemyndigheit/politidistrikt, samarbeidande myndigheiter og andre juridiske miljø i etaten
  • tverrfagleg samarbeid i divisjonen

Undervisnings- og foredragsoppgåver og noko reising må reknast med i stillinga.

Kvalifikasjonane dine:

  • mastergrad i rettsvitskap / juridisk embetseksamen
  • relevant arbeidserfaring
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det er ein fordel med:

  • relevant erfaring frå arbeid med personvern og implementering av nytt personvernregelverk og frå arbeid med data- og informasjonsforvalting
  • spesialisering innanfor personvern/informasjonsbehandling
  • erfaring frå saksbehandling i offentleg sektor, fortrinnsvis innanfor strafferett og straffeprosess
  • interesse for IT og digitalisering

Vi ser etter deg som har personlege eigenskapar som er kjenneteikna av høg integritet, du er inkluderande som kollega, og du er mål- og resultatorientert. I tillegg er du strukturert og effektiv. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og kan bidra i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.

Vi tilbyr:

  • utfordrande oppgåver, eit spennande fagmiljø og gode høve til å utvikle seg fagleg
  • stilling som rådgivar/seniorrådgivar og lønn på kr 500 000 til 690 000 (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast) 
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksitid og høve til å trene i arbeidstida
  • arbeidsstad i Moss i nyoppussa lokale

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing. 

Inkludering og mangfald

I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hòl i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Linette Heiberg på telefon 97 04 35 94. 

Du finn meir informasjon om å jobbe hos oss på toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og ved hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2021 en samlet budsjettramme på 1,761 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 23.01.2022

Arbeidssted: Moss

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Linette Heiberg, seksjonssjef
Tlf: 97 04 35 94

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler