Kommunikasjonsrådgivar

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no

Kommunikasjonsstaben har 13 tilsette som arbeider tett opp mot UDI-direktøren. Vi har mellom anna ansvar for mediehandtering, språk og profil, arrangement og ulike digitale løysingar. Dei nettbaserte kanalane våre er i sterkt vekst, både internt og eksternt.

 

Vi søkjer ein rådgivar med allsidig kommunikasjonsbakgrunn og eit stort engasjement for nettbaserte løysingar. Du bør ha ein god penn og kunne skrive i klarspråk både for interne og eksterne målgrupper. I tillegg må du kunne ta pressevakter. 

 

Arbeidsoppgåver

  • redigere og skrive for intranett og udi.no, i tett kontakt med avdelingane

  • publisere  i Office 365 (Sharepoint) og EPI-server

  • faste vakter med mediehandtering

  • andre kommunikasjonsfaglege oppgåver

 

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne innan kommunikasjon (minimum bachelor)

  • skrive godt og engasjerande (klarspråk) både på norsk og engelsk

  • erfaring frå å skrive for nett, gjerne også intranett

  • god kjennskap til nettbaserte kanalar og erfaring med publisering

  • erfaring med mediehandtering er ein fordel

 

Personlege eigenskapar

  • engasjement for nettbaserte kanalar generelt og god internkommunikasjon spesielt

  • fleksibel og utadvent teamarbeidar

  • evne til å veksle mellom ulike oppgåver, langsiktige- så vel som hasteoppdrag

  • serviceinnstilt med god samfunnsfagleg forståing

  • god forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag

Borgarar av land som ikkje er medlem av EØS, vil bli bedne om å samtykke til innsyn i eiga utlendingssak dersom dei bli kalla inn til intervju.

 

Vi tilbyr

  • Ei sentral og allsidig stilling innan brukarretta kommunikasjonsarbeid internt og eksternt

  • Ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, som er prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar.

  • Stillinga blir lønna som rådgivar (kode 1434) i lønnsspennet 490.000 - 560.000 brutto pr. år. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Utlendingsdirektoratet legg vekt på mangfald, og vi vil oppfordre alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.

 

Søknadsfrist: 01.07.2018

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
UDI
Hausmannsgate 21
0032 Oslo

Kontaktperson:
Håkon Fenstad
Tlf: 976 71 198

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler