Kommunikasjonsrådgivar (mellombels stilling)

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no

Kommunikasjonsstaben har 14 tilsette som arbeider tett opp mot UDI-direktøren. Vi har mellom anna ansvar for mediehandtering, språk og profil, arrangement og ulike digitale løysingar. Dei nettbaserte kanalane våre er i sterk vekst, både internt og eksternt. 

Vi søkjer ein kommunikasjonsrådgivar som først og fremst skal ha ansvar for vedlikehald  og innhald på nettsida www.asylbarn.no, men som og vil jobbe med andre kommunikasjonstiltak retta mot barn og unge i asylprosessen. Nettsida er under utvikling, og er ein del av prosjektet Barn A-Å som er eit samarbeid mellom Politiets utlendingseining (PU), Utlendingsnemnda (UNE) og UDI. Dersom prosjektet blir finansiert vidare i 2020, kan stillinga bli forlenga.

 

Arbeidsoppgåver

  • redigere og skrive tekster for nett (publisering i EPI-server)
  • gi råd om val av kanalar og verkemiddel for å nå barn og unge
  • utarbeide kommunikasjonsplanar
  • andre kommunikasjonsfaglege oppgåver, for eksempel utarbeide informasjonsmateriell
  • samarbeide tett med prosjektet Barn A til Å

 

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule (minimum bachelor, men tilsvarande relevant erfaring kan kompensere for dette)
  • evne til å skrive godt og engasjerande (klarspråk for barn og unge)
  • erfaring frå å skrive for nett, og med nettpublisering
  • god forståing for samspelet mellom tekst, film, foto og illustrasjonar
  • god forståing for kommunikasjon i sosiale media

  Det er ein fordel om du har

  • erfaring med kommunikasjonsarbeid mot barn og unge
  • kjennskap til bruk av ikkje-latinske skriftspråk

 

 Personlege eigenskapar

  • engasjert i nettbaserte kanalar
  • fleksibel og utovervend teamarbeidar
  • god til å samarbeide med personar med anna fagbakgrunn
  • serviceinnstilt både internt og eksternt
  • har god samfunnsfagleg forståing
  • har god forståing for rolla og samfunnsoppdraget til UDI

Borgarar av land som ikkje er medlem av EØS, vil bli bedne om å samtykke til innsyn i eiga utlendingssak dersom dei bli kalla inn til intervju.

 

Vi tilbyr

  • Ei sentral og allsidig stilling innan kommunikasjonsarbeid retta mot barn og unge
  • Ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, som er prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar.
  • Stillinga blir lønna som rådgivar (kode 1434) i lønnsspennet 490.000 - 580.000 brutto pr. år. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring. 

Utlendingsdirektoratet legg vekt på mangfald, og vi vil oppfordre alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. 

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.

Søknadsfrist: 20.01.2019

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
UDI
Hausmannsgate 21
0032 Oslo

Kontaktperson:
Jenny Gabrielsen
Tlf: 415 72 489

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler