Leiar for Verksemdsstyring i divisjon Brukardialog

Skatteetaten sitt samfunnsoppdrag er å sikre det finansielle hovudgrunnlaget for offentleg sektor i Noreg. No omorganiserar vi for å møte stadig raskare endringar i samfunnet. Den nye organisasjonen består av eit direktorat, seks divisjonar med landsdekkande ansvar, og 6 700 tilsette. Vil du vere med på å bringe etaten vidare?

Brukardialog vil ha ansvaret for alle publikumstenestene til etaten, som skattemelding, skatteoppgjer og skattekort. Divisjonen skal forvalte og utvikle ordningane knytt til skatt og avgift, og utvikle etaten sin dialog med brukarane. Brukardialog skal vere ein pådrivar i etaten sitt arbeid med å digitalisere, effektivisere og forenkle tenester for brukarane. Divisjonen har rundt 2000 årsverk og er den største eininga i etaten.

Vi søkjer deg som ynskjer å bidra til den spanande endringsreisa som Skatteetaten står framfor. Stab for verksemdsstyring er ein av tre stabar som skal støtte og bidra til å styre verksemda i divisjonen. Som leiar for staben vert du saman med sju andre leiarar ein del av den nye leiargruppa i Brukardialog, som vert leia av divisjonsdirektøren.

Staben er under oppbygging, men omfattar kring 25 årsverk. Leiaren for verksemdsstyring vil ha sin arbeidsstad i Bergen. Der vil også dei fleste medarbeidarane i staben vere. Staben skal samarbeide med dei tilsvarande stabane i dei tre andre divisjonane, i tillegg til verksemdsstyringsstaben i Skattedirektoratet.

Vi er ein stor etat, der leiarane våre må evne å tenke heilskap og trivst med å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø. Leiarar i Skatteetaten vert motiverte av å vere i ei leiarrolle, ynskjer å bruke tid på leiarskap og er villige til å utvikle sitt eige leiarskap.

Vi tilbyr

høve til å jobbe med samfunnsaktuelle saker
utfordrande oppgåver og store fagmiljø
kompetanseutvikling
fleksitid og betalt overtid
trening i arbeidstiden
medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av Noregs beste pensjonsordningar

Stillinga vert lønna som seksjonssjef (kode 1211), frå kr 700.000 – kr 900.000, avhengig av kvalifikasjonar. Dei første seks månadane vert rekna som prøvetid.

Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.

Kvalifikasjoner

Du bør ha høgare relevant utdanning, på masternivå eller tilsvarande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
Du bør ha leiarerfaring frå eit overordna nivå i ei større, kompleks verksemd
Du må ha solid erfaring frå tilsvarande ansvarsområde
Du bør ha erfaring med å leie i endrings- og digitaliseringsprosessar
Du må ha erfaring frå strategiutvikling, økonomi- og verksemdsstyring
Du bør forstå samfunnsutviklinga, og potensiale for digitalisering
Du bør forstå verksemda og brukarane sine behov

Personlige egenskaper

• Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og skaper engasjement.
Du er interessert i menneskje og evnar å leggje til rette for ulike behov
Du har pågangsmot og gjennomføringsevne
Du er endringsorientert og innstilt på å tilpasse deg etaten sine skiftande rammevilkår
Du er utviklingsorientert og oppteken av kvalitet

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 08.08.2018

Arbeidssted: Bergen

Arbeidsgiver:

Nonnesetergaten 4
5015 Bergen

Kontaktperson:
Marta Johanne Gjengedal
Tlf: 958 11 672

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler