Leiarstøtte og koordinering

Om stillinga

Vil du jobbe med å legge til rette for at arbeidet i departementet flyt godt?

Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner. Du har lyst til å legge til rette for andre tilsette i departementet og jobbe tett på politisk leiing. Du vil få både praktiske og tekniske arbeidsoppgåver på servicesenteret og på forværelset til statsråden. Du skal gi administrativ leiarstøtte, og du vil få ansvar for handtere sentrale dokument. Stillinga ligg i kontoradministrativ eining og er sentralt plassert i departementet.


Arbeidsoppgåver

  • Leiarstøtte (kalender, møteførebuing, sakspapir o.l.)
  • Koordineringsoppgåver knytt til sentrale dokument
  • Saksflyt mellom administrasjon og politisk leiing
  • Ulike driftsoppgåver (ekspedering, rekvisita, teknisk bistand, klargjering av kontor, dagleg vedlikehald og rydding av lokale o.l.)

Kva slags bakgrunn har du?

•    Du har utdanning på bachelornivå, til dømes med samfunnsvitskapleg bakgrunn.
•    Det er ein fordel om du har erfaring fra liknande arbeid, gjerne frå departement eller offentleg verksemd
•    Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
•    Du er nysgjerrig på digitale løysingar og har god digtal kompetanse
•    Det er ein fordel om du har erfaring med elektronisk saksbehandlingssystem. 
•    Du må kunne tryggingsklarerast 


Kven ser vi etter?

•    Du er grundig og nøyaktig 
•    Du har evne til å jobbe sjølvstendig  
•    Du er serviceinnstilt og har svært gode samarbeidsevner
•    Du har god rolleforståing
•    Du har god skriftleg og munnleg formidlingsevne både på norsk og engelsk 
•    Du har interesse for eller kjennskap til offentleg forvaltning og saksgang mellom departement, regjering og Storting.


Kva får du hos oss?

Har du lest heilt hit, er jobben forhåpentlegvis interessant for deg. 

•    Du vil få ei spennande stilling i hjartet av departementet. 
•    Du vil få nærleik til politisk leiing og politiske avgjerder. 
•    Nøyaktig kor mykje du får i løn er avhengig av kvalifikasjonane dine, men løna vil vere mellom kr 460.000 og 600.000. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere høgare løn. 
•    I tillegg får du alle godane ved å vere tilsett i staten, mellom anna fleksitid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 
•    Du får også høve til å trene i arbeidstida


Les dette før du søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk. 
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
  • Arbeidsspråket er norsk.
     

Kontaktinformasjon

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Gard Kjølholdt grk@asd.dep.no (22 24 85 02) eller kontorleiar Kristin L. Andersen ka@asd.dep.no (22 24 84 63).


Søknadsfrist: 01.08.2021

Arbeidsgiver:
Arbeids- og sosialdepartementet

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler