Maritim leiarstilling med fokus på tekniske løysingar og prosessar

Vi har ledig stilling som seksjonsleiar for produksjonstøtte. Seksjonen har ansvar for drift, utvikling og vedlikehald av fag- og produksjonssystema til sjødivisjonen, til dømes vasstandsmålarar, utstyr på målebåtane, produksjonsdatabasar og -system. Vi har eit utvida ansvar for vidareutvikling og effektivisering av tekniske løysingar og prosessar både i avdelinga og i heile divisjonen. Stillinga inngår i leiargruppa i produksjonsavdelinga og rapporterer til avdelingsdirektør.

Kartverket ved sjødivisjonen leverer tradisjonelle kartprodukt, informasjon om vasstand, terrengmodellar og vidareforedla produkt. Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona er ein del av ansvarsområdet vårt.
Kartverket er i fremste rekkje internasjonalt i bruk av innovativ teknologi, og kartprodukta våre held eit særs høgt nivå. Vi har vunne pris for verdas beste sjøkart i den internasjonale kartografikonkurransen to gonger på rad.
Kartverkets sjødivisjon har om lag 120 tilsette med ein spennande og mangfaldig bakgrunn. Arbeidsstad er Stavanger.

Stillinga krev at du må kunne tryggleikklarerast.

Arbeidsoppgåver

  • Leia og organisera  arbeid innan seksjonen, medrekna økonomi- og personalansvar
  • Leia og utvikla seksjonen i samsvar med mål, strategiar og budsjett
  • Delta i og leia samarbeid med andre seksjonar, avdelingar og eksterne
  • Andre oppgåver kan leggast til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskule/universitetsnivå innanfor relevante fag (hydrografi/kartografi, GIS og/eller geomatikk/geodesi, geodata, informasjonsteknologi, informasjonssystem, instrumentering/sensorar o.l.). Minimum bachelorgrad eller tilsvarande.
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensera for delvis manglande formell kompetanse  
  • Minimum 10 års arbeidserfaring, gjerne innanfor instrumentering, sjømåling, prosessering, produksjonsprosessar og/eller FOU og innovasjon
  • Gode kommunikasjonsevner, både norsk og engelsk

Det er ønskeleg at du har:

  • Erfaring som prosjektleiar, teamleiar  
  • Erfaring med leiing i statleg verksemd
  • Sertifisering innan PRINCE2 eller liknande
  • Kommersiell forståing og erfaring frå kontraktsarbeid
  • Samhandling med internasjonale leverandørar

Personlege eigenskapar

  • Vera løysingsorientert og strategisk   
  • God evne til planlegging og gjennomføring
  • Utviklingsorientert og endringsvillig   
  • Evne til å motivera og engasjera    
  • Gode samarbeidsevner, vera ein lagspelar

Vi tilbyr

  • Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Gode høve for kompetanseutvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Stillinga blir løna som seksjonssjef, frå kr 680 000,- til 780 000,- etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
  • Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Kartverket praktiserer eit inkluderande arbeidsliv. Det inneber at vi ønsker velkomen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentera  ein samanhengande yrkeskarriere.  

Kartverket dekkjer Noregs behov for geografisk informasjon og offentleg eigedomsinformasjon, og er tinglysingsmyndigheit for heile landet. Hovudkontoret ligg på Hønefoss. I tillegg har vi 13 kontorstader frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord, samt eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard. I Kartverket legg vi vekt på tydelege retningsval, gode arbeidsvilkår, kompetanseutvikling og karrieremoglegheiter. Kjerneverdiane våre er: Inkluderande, kompetent, open, påliteleg og engasjert.

 

Søknadsfrist: 09.08.2021

Arbeidssted: Stavanger

Arbeidsgiver:
Kartverket

Kontaktperson:
John Kåre Klippen, avdelingsdirektør
Tlf: 918 18 261

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler