Minoritetsrådgjevare

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er eit direktorat underlagd Justis- og beredskapsdepartementet (JD). IMDi er gjennomføringsorgan for integreringspolitikken, og skal som forvaltningsorgan og kompetansesenter styrke kommunane, sektorstyresmaktene og andre samarbeidspartnarar sin kunnskap og kompetanse om integrering og mangfald, slik at kommunar og sektorar kan utføre sitt samfunnsoppdrag best mogleg. Direktoratet sine hovudarbeidsområde er busetting av nyankomne med flyktningebakgrunn og oppfølging av introduksjonslova, bidra til auka sysselsettjing blant personar med innvandrarbakgrunn, dialog med minoritetsbefolkninga, tilrettelegging av offentlege tenester, førebygging av tvangsekteskap, kunnskapsutvikling og -formidling. IMDi er nasjonal fagmynde for tolking i offentleg sektor.
IMDi har i overkant av 260 tilsette fordelt på kontor i Narvik, Trondheim, Gjøvik, Bergen, Kristiansand og Oslo. Ca 30 prosent av dei tilsette i IMDi har innvandrarbakgrunn. Direktoratet har i 2018 ca 240,5 mill. kr. i driftsbudsjett og forvaltar tilskotsmidlar for omtrent 16,9 mrd.kr.


IMDi ønskjer å spegle mangfaldet i samfunnet og det er eit personalpolitisk mål å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. IMDi oppmodar kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss utan omsyn til etnisitet, religion, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne. IMDi er ei IA-verksemd, som tyder at både arbeidsgjevar og dei tilsette forpliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå meir inkluderande arbeidsplassar.

I samhøve med Offentleglova kan ein søkjar offentliggjerast på søkjarliste sjølv om han/ho har bede om at søknaden vert handsama konfidensielt. Vedkomande vil i så fall bli varsla før offentleggjering.

I Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane er det ledig 4 stillingar som minoritetsrådgjevarevere (rådgjevare for arbeid mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting) ved Bergen Katedralskole, Fyllingsdalen videregående skole, Godalen videregående skole og Eid videregande skule. Stillingene vil ha en varigheit frå august 2018 og ut 2020.

Vi ber søkarar som har preferansar når det gjeld tjenestestad om å liste opp skulane i prioritert rekkefølgje.

Minoritetsrådgjevare skal arbeide førebyggjande mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnlemlesting. Minoritetsrådgjevaren skal bidra med konkret rådgjeving og oppfølgjing i eiskildsaker og av einskilde elevar, og med kompetanseheving av skulens tilsette, tilsette på andre skular og i det offentlege hjelpeapparatet. Minoritetsrådgjevaren skal være ein ekstra ressurs og ein spisskompetanse inn i skulekvardagen, i tillegg til andre rådgjevare og sosiallærare ved skulen.

Minoritetsrådgjevarne inngår som ein del av myndigheitenes førebyggjande arbeid mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Stillingane som minoritetsrådgjevare er knytt til Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017-2020).

Som minoritetsrådgiver i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane vil du være tilsett i og motta løn frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), men ha tjenestestad ved ein av de nemde skulane. Rektor eller anna leiar på skulen har det daglege oppfølgjingsansvaret. IMDi har det faglege ansvaret for alle minoritetsrådgjevare og samarbeidar med skuleeigarne og fylkeskommunar. IMDi forbehalder seg retten til å flytte minoritetsrådgjevar til ein annen skule, dersom behovet skulle tilsei det. Minoritetsrådgjevarordningens fremtidige innretning er under vurdering i Kunnskapsdepartementet. Det kan som ein følgje av dette bli aktuelt med endringar i organisatorisk tilhørigheit i løpet av perioden. Dette vil då drøftes med skuleeigar i forkant.

Vi tilbyr

Løn i henhold til statens regulativ som rådgjevar stillingskode 1434, (kr.412600-609700) /seniorrådgjevar stillingskode 1364, (kr. 512700-790100)
IMDi har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA)
Fleksibel arbeidstid
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Godt faglig og flerkulturelt arbeidsmiljø

Kvalifikasjoner

Relevant utdanning på minimum bachelornivå, som til dømes innan barnevern, sosialfag, og pedagogikk.
Relevant arbeidserfaring frå til dømes skole, barne- og ungdomsarbeid, barnevern og sosialt arbeid.
Flerspråklig kompetanse innanfor særlig urdu, arabisk, somali eller pashto/dari er ein fordel.
Erfaring frå skulesystemet og delar av hjelpeapparatet som har eit særleg ansvar for barn og ungdom og særleg med innvandrarbakgrunn er ein fordel.
Erfaring frå stilling med vesentleg rådgjeving og rettleiing, innenfor til dømes skule eller ungdomsarbeid, er ønskjelig.
Kunnskap om negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting er ønskjeleg.
Kunnskap om og erfaring frå arbeid innan integreringsfeltet er ønskjelig.

Det kreves politiattest for å arbeide som minoritetsrådgjevar.

Personlige egenskaper

Sterke relasjonelle ferdigheiter, tillitsskapande ovenfor elevar og samarbeidspartnare.
God vurderingsevne; evne til å takle uforutsette og krevjande situasjonar.
Sjøvstendig, god gjennomføringsevne.
God muntleg og skriftleg formidlingsevne, evne til å tilpasse budskapet til ein variert målgruppe.

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 02.08.2018

Arbeidsgiver:
ved Eid vidaregåande skule, Godalen Videregående skole, Fyllingsdalen videregående skole og Bergen Katedralskole

Kontaktperson:
Ohene Aboagye
Tlf: (+47) 90721239

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler