Personvernrådgjevar til IT-avdelinga

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no
Avdeling for elektronisk forvaltning (AEF) har ansvaret for at heilskapleg IT-styring er ein integrert del av utviklinga og styringa i UDI. Utlendingsdirektoratet forvaltar og driftar ein stor portefølje av saksbehandlingssystem for heile utlendingsforvaltninga. Vi deltar i tillegg i eit utstrakt europeisk samarbeid om felles IT-løysingar på utlendingsfeltet. Vi har kome langt med å oppfylle ambisjonen om å heildigitalisere verksemda.

Målet vårt er utstrakt digital kommunikasjon med søkarane og resten av samfunnet. I tillegg jobbar vi for elektronisk saksbehandling i alle ledd og automatisering av saksbehandlingsprosessane. Vi vil at utlendingsforvaltninga skal være i toppsjiktet innan digital forvaltning i det offentlege. For 2017 og 2018 har UDI etablert eit eige program for ei ytterlegare modernisering av IT-løysingane på utlendingsfeltet.

Avdelinga har for tida cirka 70 tilsette, og er delt inn i fem seksjonar: fagsystem, fagdata, leveransestyring, brukarstøtte og utvikling. Ein stor del av drifts- og forvaltningsoppgåvene er sett ut til eksterne leverandørar.

Seksjon for fagdata i Avdeling for elektronisk forvaltning, søker etter ein forvaltningsinformatikar som kan bidra til å styrka arbeidet med personvern i IT-utvikling og avtaleforvaltning. Også juristar med god forståing og interesse for IT eller informatikarar med kunnskap og interesse for personvern og informasjonssikkerhet kan søke.

Vi tilbyr

Ei spanande og utfordrande stilling i ein kompleks organisasjon som er inne i ei krevjande utvikling på IT-området
Stillinga blir løna som rådgjevar/seniorrådgjevar (kode 1434/1364) i lønsspenn kr 459.100 – 750 000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare løn bli vurdert. Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse
God pensjonsordning og moglegheit for bustadlån i Statens Pensjonskasse
Moglegheit for trening i arbeidstida
Betalt overtid
Fem veker ferie og fleksitidsordning
UDI er ei IA-verksemd


Nyutdanna blir oppmoda til å søke.
Utlendingsdirektoratet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

I samsvar med offentleglova kan ein søkar bli offentleggjort sjølv om han/ho har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Personen vil i så fall bli varsla.

Kvalifikasjoner

Høgare relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå (masternivå eller tilsvarande). Solid relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
Erfaring med personvern og informasjonstryggleik
Interessert i skjeringspunktet juss/IT
Må kunne bli tryggingsklarert
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlige egenskaper

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Like å drive gjennom endringar
Snakke like godt med IT avdelinga som med fagsida
Nysgjerrig på nye trendar og kunne formidle dette
Vere løysingsorientert og sjølvstendig.
Kunne samarbeide med mange aktørar for å finne dei beste løysingane
Evne til å tenke langsiktig midt i ein operativ kvardag

Søkarar som er borgarar av land som ikkje er medlem av EØS, vil bli bedne om å samtykke til innsyn i eiga utlendingssak dersom dei blir innkalla til intervju

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 18.12.2017

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
Avdeling for elektronisk forvaltning
Hausmannsgate 21
0032 Oslo

Kontaktperson:
Tore Magnus Oraug
Tlf: 977 72 493

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler