Produksjonsplanleggar

Vi søker produksjonsplanleggar som aktivt skal ta del i planlegging og monitorering av avdelinga sine produksjonsaktivitetar. Avdelinga sitt ansvaret inkluderar all produksjon frå sjømåling til kartprodukt og andre geodata, fordelt på fire seksjonar. Kartverket har også samarbeid og avtalar med eksterne leverandørar.

Du vil ha overordna ansvar for å rapportere på produksjonsprosessane og bidra til utvikling og effektivisering i divisjonen. Vi ynskjer oss ein analystisk og utviklingsorientert medarbeidar med relevant arbeidserfaring, som tenker strategisk og samstundes trivs med å jobbe operativt. For å lukkast i stillinga må du ha god forståing for prosessar og evne å sjå heilheit.

Stillinga inngår i avdeling produksjon og rapporterer til avdelinsgdirektør.

Kartverket ved sjødivisjonen leverer tradisjonelle kartprodukt, informasjon om vasstand, terrengmodellar og vidareforedla produkt. Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona er ein del av ansvarsområdet vårt.
Kartverket er i fremste rekkje internasjonalt i bruk av innovativ teknologi, og kartprodukta våre held eit særs høgt nivå. Vi har vunne pris for verdas beste sjøkart i den internasjonale kartografikonkurransen to gonger på rad.

Kartverket sjødivisjonen har om lag 120 tilsette med ein spanande og mangfaldig bakgrunn. Arbeidsstad er Stavanger.

Stillinga krev at du må kunne tryggleikklarerast.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, monitorering og rapportering til avdelingsdirektør i henhold til mål, planar og budsjett
  • Bistå til ein aktiv arbeidsflyt mellom seksjonane og til bedra effektivitet i avdelinga si verdikjede og prosessar
  • Ansvarleg for planlegging av eigne og eksterne måleoppdrag
  • Bistå aktivt i vidareutvikling og effektivisering av produksjonsprosessane
  • Være avdelinga sitt kontaktpunkt med produkteigar og tingar 
  • Sikre kontinuerleg og periodisk oppfølging og rapportering på avdelinga sine virksomhetsmål

Kvalifikasjonar

  • Stillinga krev utdanning på høgskole/universitet, minimum bachelorgrad, innanfor relevante fag som  prosesstyring, logistikk, maritime fag, prosjektleiing, IKT/utvikling, GIS, geomatikk, geodesi eller leiing 
  • Relevant erfaring kan i særskilte tilfeller erstatte delar av krav til utdanning
  • Minimum 5 års relevant arbeidserfaring, gjerne innanfor sjømåling, prosessering og andre maritime produksjonsprosessar; gjerne inngåande kjennskap til fleire prosesstyringsverktøy
  • Ønskeleg med erfaring innan produksjons- og prosesstyring
  • Erfaring med PRINCE2 eller lignande er ein fordel

Personlege egenskaper

  • Analytisk, løysningsorientert og strategisk
  • Planleggings- og gjennomføringsevne 
  • Evne til å kommunisere skriftleg og munnleg 
  • Utviklingsorientert og endringsdyktig
  • Evne til å motivere og engasjere

Vi tilbyr

  • Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit trivileg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Stillinga blir løna som senioringeniør, fra kr 545 000,- til 660 000,- etter kvalifikasjonar
  • Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Kartverket praktiserer eit inkluderande arbeidsliv. Det inneber at vi ønsker velkomen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentera  ein samanhengande yrkeskarriere.  

Kartverket dekkjer behovet for geografisk informasjon og offentleg eigedomsinformasjon i Noreg, og er i tillegg tinglysingsmyndigheit for heile landet. Hovudkontoret til Kartverket ligg på Hønefoss. I tillegg har vi tolv fylkeskartkontor, ein sjødivisjon i Stavanger, eit kundesenter i Ullensvang i Hardanger og eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.
Kartverkets kjerneverdiar er inkluderande, kompetent, open, påliteleg og engasjert.

Søknadsfrist: 09.08.2021

Arbeidssted: Stavanger

Arbeidsgiver:
Kartverket

Kontaktperson:
John Kåre Klippen, avdelingsdirektør
Tlf: 918 18 261

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler