Rådgivar internkommunikasjon



Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no
Kommunikasjonsstaben har 15 medarbeidarar med ansvar for det kommunikasjonsfaglege arbeidet i UDI, mellom anna interne og eksterne nettsider, mediehandtering, arrangement, språk og profil. Vi har dei siste åra prioritert det strategiske kommunikasjonsarbeidet internt, især i samband med endringsprosessar.
 
Vi søkjer ein sosial og språkleg sterk medarbeidar med erfaring frå å jobbe både strategisk og operativt med internkommunikasjon. Du vil få ei sentral rolle i å identifisere kommunikasjonsbehov internt og sikre god kommunikasjonsflyt på alle nivå i organisasjonen.

Vi tilbyr

  • varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit profesjonelt kommunikasjonsmiljø
  • ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar
  • stillinga blir lønna som rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspennet 550.000 til 660.000 kroner. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjng, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

UDI skal flytte til nye lokale på Helsfyr (https://valleforalle.no/valleview/) våren 2021.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.

Kvalifikasjoner

  • relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
  • brei erfaring med internkommunikasjon, gjerne i samband med større endringsprosessar
  • skrive godt og engasjerande
  • erfaring med nettpublisering 

Personlige egenskaper

  • arbeider sjølvstendig og tek initiativ
  • sosial nettverksbygger som arbeider godt i team
  • nysgjerrig og interessert i å lære
  • systematisk og god til å prioritere eigen arbeidsdag
  • god forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 29.11.2020

Arbeidssted: OSLO

Arbeidsgiver:
UDI
Hausmannsgate 21
0032 OSLO

Kontaktperson:
Ingeborg Grimsmo
Tlf: 94507615

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler