Rådgivar/seniorrådgivar

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no
Region- og mottaksavdelinga (RMA) har drift av statlege mottak for asylsøkjarar som hovudoppgåve. Det inneber å etablere mottak gjennom avtalar med driftsoperatørar, å dimensjonere mottaksplassar ut frå behov, å utvikle kvalitet og standard for mottaksarbeidet, å differensiere mottakstilbodet for ulike bebuargrupper og å sikre ei god økonomiforvaltning på mottaksfeltet. I mottakssystemet bur det for tida rundt 1750 personar fordelte på i underkant av 20 asylmottak over heile landet. Avdelinga har også ansvaret for assistert retur og for busetjingsførebuande arbeid. 
 
Avdelinga har 140 medarbeidarar fordelte på einingar i Oslo og på dei fem regionkontora på Gjøvik, i Kristiansand, i Bergen, i Trondheim og i Narvik.
 
Vi søkjer no etter ein dyktig rådgivar/seniorrådgivar til Regionkontor Indre Østland på Gjøvik. Kontoret har i dag 10 medarbeidarar og dekkjer Innlandet og Viken fylke. Regionkontoret er forventa å bidra til å utvikle kvalitet og standard for mottaksarbeidet og sikre ei god økonomiforvaltning på mottaksfeltet.
 
Regionkontor Indre Østland har i tillegg til ansvar for oppfølging av mottak og beredskapsarbeid ved større ankomstar av asylsøkjarar også ansvar for å behandle søknader om alternativ mottaksplass for bebuarar i asylmottak som treng eit meir tilrettelagt butilbod. Vi har også fagleg og koordinerande ansvar for opplæringstiltak for tilsette i asylmottak.

Vi tilbyr

  • varierte, utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag
  • jobb i ei verksemd prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar
  • lønn som rådgivar/ seniorrådgivar (kode 1434/1367) i spennet mellom 507 400 kr og 650 000 kr. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring.

Attestar/vitnemål legg du inn i portalen saman med søknaden. Søkjarar som blir kalla inn til intervju, må ta med bekrefta kopiar av attestar og vitnemål.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjng, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.


I samsvar med offentleglova kan ein søkjar bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren blir i så fall varsla.

   

Kvalifikasjoner

Du må ha:

  • utdanning på mastergradsnivå, gjerne innanfor eit relevant fagfelt som juss, samfunnsvitskap, pedagogikk eller sosialfag – utdanning på bachelornivå med solid arbeidserfaring frå offentleg forvaltning kan kompensere for manglande mastergrad
  • erfaring med saksbehandling og utgreiing knytt til faglege problemstillingar eller enkeltsaker innanfor offentleg forvaltning
  • rettleiingskompetanse, der erfaring kan vege opp for formell kompetanse
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

 

Det er ønskjeleg med:

  • erfaring frå arbeid med kontinuerleg forbetring 
        

Personlige egenskaper

  • Du er strukturert, systematisk og jobbar godt opp mot mål.
  • Du er analytisk og har evne til å utvikle og operasjonalisere strategiar.
  • Du evnar å jobbe sjølvstendig samtidig som du har gode samarbeidsevner og er dyktig til å byggje relasjonar.
  • Du er god på å formidle faglege, komplekse problemstillingar på ein lettfatteleg måte.
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivst med å jobbe mot korte fristar og å leie/handtere fleire arbeidsoppgåver parallelt. 
  • Du er nytenkjande, endringsdyktig og løysingsorientert.
  • Du har evne til å gi og ta imot konstruktive tilbakemeldingar for å utvikle deg sjølv og andre.

Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna. 

 

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 19.05.2021

Arbeidssted: Gjøvik

Arbeidsgiver:
Region- og mottaksavdelinga
Storgata 10
2815 Gjøvik

Kontaktperson:
Siv Hanne Frydenlund Kjelstrup
Tlf: 93280007

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler