Rådgivar/seniorrådgivar i Budsjett- og økonomieininga (49/19)

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringens innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglige innspill til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovlig innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkere, og bidrar til retur av personer uten lovlig opphold. Menneskeverd, profesjonalitet og helhet er grunnleggende verdier i direktoratet. UDI ligger under Justis- og beredskapsdepartementet. Se også www.udi.no

Trivst du med å jobbe i ein stor organisasjon med ulike fagområde, dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø? Ønskjer du å bidra i styringa av ei spennande avdeling med strategisk viktige oppgåver? Vil du jobbe med økonomi- og budsjettstyring i Analyse- og utviklingsavdelinga i UDI? Då kan denne stillinga vere noko for deg. Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. I Analyse- og utviklingsavdelinga er det ei ledig stilling som verksemdskontrollar for avdelinga. Oppgåvene inneber mellom anna økonomi- og verksemdsstyring, koordineringsarbeid og leiarstøtte. Du er organisatorisk plassert i eit større økonomi- og analysemiljø i Budsjett- og økonomieininga og deltek i aktivitetane til eininga, men jobbar tett på leiinga i avdelinga.

Analyse- og utviklingsavdelinga i Utlendingsdirektoratet har ansvaret for ei rekkje avdelingsovergripande oppgåver i direktoratet. I tillegg til budsjett, økonomi og verksemdsstyring har avdelinga ansvar for utvikling av regelverk og praksis, internasjonalt samarbeid, statistikk og analyse, strategiske anskaffingar og utviklings- og forbetringsarbeid.

For tida består avdelinga av rundt 70 medarbeidarar fordelte på seks einingar. Avdelinga arbeider tett opp mot andre avdelingar i direktoratet, og har i tillegg omfattande kontakt med eksterne samarbeidspartnarar.

Budsjett- og økonomieininga har ansvaret for økonomistyringa i direktoratet. Det inneber mellom anna budsjettdialogen med Justis- og beredskapsdepartementet (JD) og dei interne budsjettprosessane. Vidare har eininga ansvaret for å utarbeide økonomiske analysar, produsere avgjerdsunderlag og økonomisk styringsinformasjon, internkontroll og risikostyring

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
  • ei verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg, prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar
  • lønn som rådgivar (kode 1434) i lønnsspennet 472 000 – 583 900 brutto per år eller som seniorrådgivar (kode 1364) i i lønnsspennet kr 532 300 – 704 900 brutto per år avhengig av kvalifikasjonar 
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring (det blir trekt 2 prosent av lønna til dette) 
  • fleksibel arbeidstid og sommartid

UDI skal flytte til nye og flotte lokale på Helsfyr våren 2021 (https://valleforalle.no/valleview/). 

Utlendingsdirektoratet legg vekt på mangfald, og vi oppfordrar alle som er kvalifiserte, til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne, «hol i CV», nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

I samsvar med offentleglova kan namna på søkjarane bli offentleggjorde sjølv om søkjarane har bede om å ikkje bli oppførte på søkjarlista. Du blir i så fall varsla. 

Kvalifikasjoner

Du som søkjer på stillinga, må

  • ha høgare økonomisk utdanning på masternivå
  • ha erfaring med å utarbeide budsjett, prognosar, økonomiske analysar og økonomisk rapportering
  • helst ha erfaring med statleg budsjettering og økonomistyring inkludert økonomiregelverket i staten
  • helst ha erfaring med prosjekt- eller teamarbeid
  • ha svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • ha gode ferdigheiter i Excel, Word og PowerPoint
  • ha erfaring i bruk av ulike verktøy innanfor økonomistyring, rapportering og analyse

Personlige egenskaper

Vi er på jakt etter deg som

  • er effektiv og strukturert
  • har gode analytiske evner
  • er fleksibel og initiativrik
  • har høg gjennomføringsevne 
  • trivst med å jobbe i team, men også kan jobbe sjølvstendig
  • er god til å samarbeide, er tydeleg og løysingsorientert
  • er omstillingsdyktig og trivst i ein organisasjon i endring

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 15.12.2019

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
Analyse- og utviklingsavdelingen, UDI
Hausmannsgate 21
0182 Oslo

Kontaktperson:
Stephan Mo
Tlf: 90 10 18 44

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler