Rådgiver til digitaliseringsseksjonen i vareførselsdivisjonen

Tolletaten er i spennande utvikling og fekk ny organisering 1. oktober 2020. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft. Vareførselsdivisjonen er etablert med hovudkontor i Bergen.

Digitaliseringsseksjonen i brukardialogavdelinga søkjer etter ein operativ UX-designar/interaksjonsdesignar/tenestedesignar som skal jobbe med utvikling og forvalting av digitale tenester for publikum og næringsliv.

Vi søkjer deg som har eit sterkt fagleg engasjement for design av tenester som er forankra i reelle brukarbehov. Som UX-designar hos oss vil du jobbe i team saman med klientdelutviklarar (front end-utviklere), grafiske designarar og innhaldsekspertar. Vi organiserer den digitale tenesteutviklinga i tverrfaglege team. Jobben din kan vere knytt til eitt eller fleire av desse teama. Det er ein fordel om du har erfaring frå liknande arbeid.

Vi ønskjer å skape eit godt utviklingsmiljø med spesialistar på mellom anna innhaldsforvalting, tenestedesign, brukarinvolvering og universell utforming. Du vil vere ein del av dette teamet, som jobbar tett med IT-divisjonen i etaten. 

Arbeidsoppgåver:

  • planleggje og gjennomføre innsiktsarbeid, både kvalitativt og kvantitativt, som til dømes brukarintervju, brukartesting og A/B-testing
  • sørgje for prototyping og konseptutvikling 
  • sikre universell utforming i digitale flater
  • leie workshops, designsprintar o.l.
  • vidareutvikle og forvalte designsystemet til etaten
  • jobbe systematisk med UX-design og brukarinvolvering 
  • jobbe tett med produkteigarar, fagressursar og utviklarar for å avdekkje behov og utvikle idear og konsept 
  • bruke kompetansen din til å utforme framtidsretta tenester for ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag 

Kvalifikasjonar:

  • bachelorgrad innanfor design, helst teneste-, produkt- eller interaksjonsdesign 
  • erfaring med interaksjonsdesign, konseptutvikling og prototyping
  • erfaring med innsiktsarbeid, både kvalitativt og kvantitativt
  • inngåande kjennskap til WCAG og universell utforming 
  • erfaring med designverktøy som Figma og Sketch
  • erfaring med å jobbe i team med UX-designarar og klientdelutviklarar (front end-utviklere)

Det er ein fordel om du har kjennskap til HTML5 eller CSS/SCSS.

Personlege eigenskapar: 

  • du forstår og kan kommunisere brukarbehova.
  • du trivst med å drive prosessar framover.
  • du jobbar smidig, brukarsentrisk, målstyrt og iterativt.
  • du er open, kreativ og framoverlent.
  • du liker å jobbe i team og bidra til godt samarbeid.
  • du har evne til å setje deg inn i nye fagområde, regelverk og arbeidsprosessar.
  • du har gode kommunikasjonsevner.
  • du trivst med eit høgt aktivitetsnivå og ambisiøse leveransekrav.

Vi tilbyr: 

  • eit arbeidsmiljø med engasjerte, motiverte og dyktige medarbeidarar
  • lønn som rådgivar etter statens lønnsregulativ, lønnsspenn frå kr 550 000–650 000 (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • fleksibel arbeidstid
  • høve til å trene i arbeidstida 
  • gode høve til å utvikle seg fagleg 
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse 
  • arbeidsstad i Oslo i flotte og moderne lokale på Helsfyr 

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål. 

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Gry Rønjum på tlf. 417 62 441.

Meir informasjon om å jobbe i tolletaten finn du på toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og ved hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2021 en samlet budsjettramme på 1,761 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 15.06.2021

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Gry Rønjum, seksjonssjef
gonj@toll.no
Tlf: 41762441

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler