Rådgjevar/seniorrådgjevar

Om stillingane

Stillingane er i Seksjon for barnevernrett. Seksjonen har ansvaret for barnevernlova og internasjonale konvensjonar på området. Dette er eit vidt fagfelt, som kjem tett på mange andre rettsområde. Seksjonen har mange komplekse saker, med stor merksemd politisk og samfunnsmessig. Merksemda er òg stor frå media.

I seksjonen vil du få utfordrande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom fag og politikk, og arbeide opp mot den politiske leiinga i departementet, regjeringa og Stortinget. Du vil blant anna få arbeide med lov og forskriftarbeid, spørsmål frå Stortinget og spørsmål frå media.

Du får arbeide særleg med lovgivinga som gjeld barnevern, og stillinga er tillagt varierte juridiske oppgåver. For tida jobbar seksjonen mellom anna med å følgje opp forslaget til ny barnevernslov (Prop. 133 L (2021-2022)) som ble lagt for Stortinget våren 2021. Til stillingane ligg óg arbeidsoppgåver som blant anna omfattar behandling av enkeltsaker og ulike tolkingsoppgåver.

Vi er opptatt av gode og effektive arbeidsprosessar. Tett og godt samarbeid på tvers i avdelinga, med andre avdelingar og med andre departement er viktig og blir lagt til rette for.

For begge vikariata er det ønskeleg med snarleg tilsetting. Det eine vikariatet har varigheit til oktober 2022, og det andre vikariatet har varigheit til mars 2023.


Vi krev at du

  • har master i rettsvitskap, 5-årig program
  • har kompetanse i, eller interesse for barnevernrett
  • kan uttrykkje deg svært godt både munnleg og skriftleg, òg på engelsk
  • har god digital kompetanse

Vi legg vekt på at du

  • er fagleg sterk og har erfaring med lov- og regelverksutvikling
  • har kompetanse i, og interesse for menneskerettar
  • taklar høgt tempo, utfordringar og endringar, og har evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar
  • er samfunnsengasjert
  • har interesse for å arbeide med juss i ulike politiske prosessar

Personlege kvalifikasjonar

  • er analytisk og strukturert
  • er fleksibel og har gode evner til samarbeid
  • er tiltaksam og held fristar
  • er sjølvstendig og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver med gode høve til eigenutvikling og til å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg
  • eit godt arbeidsmiljø, der du får eigen fadder
  • engasjerte og dyktige kollegaer
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • trening i arbeidstida
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • løn etter regulativet i staten i stillingskode rådgjevar med løn frå kr. 490 600 – 620 000 og seniorrådgjevar med løn frå kr. 535 200- 730 000.

For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. For innplassering i dei ulike stillingskodane legg vi vekt på røynsle med arbeidsoppgåver som er relevante for stillingane. For innplassering som rådgjevar krevst det minst to års relevant arbeidsrøynsle, medan innplassering som seniorrådgjevar krev minst fire års røynsle.


Andre opplysningar

Vi ber om at attester og vitnemål leggjast ved søknaden. Vi gjer merksam på at søkjarar kan bli oppførte på offentleg søkjarliste sjølv om dei har bedt om konfidensiell behandling. Søkjarar vil i så fall bli varsla før offentleggjering.


Har du spørsmål?

Kontaktperson for stillinga: avdelingsdirektør Mette Kristin Solum, tlf: 90 18 91 92.

 


BFD som arbeidsgivar

BFD ønskjer som arbeidsgivar å spegle mangfaldet i samfunnet. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar uavhengig av bakgrunn, til å søkje jobb i departementet. Departementet arbeider for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Opplysingar om dette kan bli brukt til registreringsføremål. Vi sørgjer for å leggje til rette arbeidsplassen der det er behov for det.


Søknadsfrist: 13.06.2021

Arbeidssted: Akersgata 59, 0180 Oslo

Arbeidsgiver:
Barne- og familiedepartementet

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler