Rådgjevar/seniorrådgjevar

Ansvarsområder og arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein rådgjevar/seniorrådgjevar til avdeling for klima, industri og teknologi, seksjon for internasjonalisering og industri. I seksjonen skal vi bidra til vidareutvikling av ei konkurransedyktig petroleums- og energinæring. Vi har ansvar for internasjonalisering av næringane, koordinering av eit utval av departementet sine bilaterale samarbeidspartar, arbeid med omstilling i næringane og oppfølging av hydrogenfeltet. Vidare har vi omfattande kontakt med andre relevante departement, verkemiddelaktørar, energirelaterte organisasjonar og selskap innanfor energinæringane, og følgjer mellom anna opp Norwegian Energy Partners. I denne stillinga vil du få eit særleg ansvar for oppfølging av aktivitetar innan hydrogenfeltet.

Du må rekna med noko reising.

Dine oppgåver vil mellom anna vere:

  • Bygge kompetanse om, og halde oversikt over, viktige teknologisegment i leverandørindustrien.
  • Ha oversikt over og følgje utviklinga i leverandørmarknaden nasjonalt og internasjonalt.
  • Følgje opp departementets arbeid med hydrogen.
  • Planlegge og gjennomføre reiser for politisk leiing.
  • Delta i arbeidet med meldingar, strategiar og andre initiativ som har følgjer for energinæringane.
  • Bidra med faglege innspel til andre departement sitt arbeid med å fremje norsk næringsliv.

Nødvendige kvalifikasjonar

For å lukkast i stillinga må du:

  • ha høgare utdanning på masternivå, med økonomi/samfunnsøkonomi som ein del av fagkrinsen 
  • ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • ha relevant røynsle
  • forstå rolla som del av eit embetsverk for den politiske leiinga i eit departement

I tillegg er det ønskjeleg om du har:

  • røynsle fra og interesse for petroleums- og/eller energisektoren
  • røynsle med analysearbeid
  • kjennskap til EU/EØS-regelverksprosessar 
  • røynsle frå offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

For å lukkast i stillinga må du:

  • ha gode evner til samarbeid og vere god på å halde kontakt og dialog på tvers av seksjonar, avdelingar og departementsfellesskap
  • like å ha koordineringsansvar, og evne til å planlegge og halde oversikt
  • trivast med en travel kvardag, der oppgåver og prioriteringar kan endra seg

Vurderinga av korvidt du er personleg eigna vil bli tillagt vekt.


 Generell informasjon

Vi tilbyr:

  • lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 550 000 – 775 000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonarvarierte og interessante arbeidsoppgåver knytt til energinæringane
  • spennande oppgåver i skjeringsfeltet mellom fag, næringsliv og politikk
  • moglegheit til påverknad
  • eit godt arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med avdelingsdirektør Anne-Mette Hilmen på tlf. 22 24 62 05/911 92 070 eller underdirektør Øivind Johansen på tlf. 22 24 62 18/924 33 907.


Positiv særbehandling

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å kunne bli positivt særbehandla må søkjar oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Vi ber søkjarar om å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV, eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk for alle statlege verksemder i sine årsrapportar.


Erklæring om mangfald

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til å løyse oppgåvene våre betre. Vi vil legge til rette for medarbeidarar ved behov. Det kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Søknadsfrist: 01.12.2022

Arbeidssted: Sentrum

Arbeidsgiver:
Olje- og energidepartementet

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler