Rådgjevar - senter for utenlandske arbeidstakerar (SUA)

Arbeidstilsynet – for eit godt arbeidsliv!

Arbeidstilsynet kontrollerer at  arbeidsmiljølova følgjast, og vi gjev rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med meir enn 18 000 arbeidsplassar i heile landet, og vi gjev råd og informasjon via vår telefonteneste, chat, e-post og Facebook. Etaten har 650 tilsette, og er underlagt Arbeids- og sosialdepartementet.

Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) er eit samarbeid der Arbeidstilsynet, Politiet, Skatteetaten og Utlendingsdirektoratet (UDI) gjev rettleiing
og bistand om handsaminga av søknader til utlendingar som kjem til Noreg for å jobbe.

Stillinga er plassert i det tverretatlege senteret med tilsetting i Arbeidstilsynet. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring, bakgrunn, fagkombinasjonar og perspektiv. Det gir eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss i betre stand til å løyse oppgåvene. Vi legg til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det.

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • stilling og løn som rådgjevar, kode 1434 (kr 540 000 - 650 000) i Statens lønnsregulativ. Plassering av lønn etter kvalifikasjonar
  • gunstig lån og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse: https://www.spk.no
  • gode ordningar: https://www.arbeidstilsynet.no/om-oss/ledige-stillinger/hva-tilbyr-vi-vare-ansatte
  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • moglegheiter for å medverke og påverke eigen arbeidskvardag
  • hyggelege kollegaar i eit utviklande læringsmiljø

Viktig å vite før du søker
Som tilsett i Arbeidstilsynet kan du normalt ikkje ha bierverv eller næringsinteresser i verksemder som er underlagt tilsynet til Arbeidstilsynet.

Du kan be om unntak frå å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må du grunngje i søknaden. Vi kontaktar deg dersom du ikkje får innvilga unntaket.
 

Kvalifikasjoner

  • utdanning frå høgskule/universitet – gjerne bachelorgrad, for eksempel innan HMS, samfunnsfag, pedagogikk, informasjon eller kommunikasjon.
    Internasjonale grader må vere godkjent av NOKUT
  • relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande formalkompetanse
  • kjennskap til Arbeidstilsynet sitt regelverk vil være ein føremon
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, engelsk og gjerne eit tredje språk, fortrinnsvis øst-europeisk

Personlige egenskaper

  • er imøtekomande og serviceinnstilt
  • har evne til å arbeide sjølvstendig
  • er løysingsorientert, strukturert, profesjonell og nytenkande
  • har gode samarbeidsevner, godt humør og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • trivst i eit hektisk miljø

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 21.08.2022

Arbeidssted: Stavanger

Arbeidsgiver:
Avdeling arbeidslivskriminalitet, Arbeidstilsynet
Lagårdsveien 46
4010 Stavanger

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler