Regiondirektør Husbanken vest

Husbanken søkjer ein regiondirektør med eit sterkt engasjement for velferd, teknologi, samfunnsutvikling og kommunikasjon. Regiondirektøren har ei sentral rolle i å setje i verk regjeringa sin bustadpolitikk i regionen. Vi søkjer ein trygg og tydeleg leiar med gode evner til samarbeid og relasjonsbyggjing. Vi legg vekt på evna til strategisk tenking og eit godt heilskapssyn.

Regionkontoret har ansvaret for ein målretta kundedialog, samt samspel med statlege verksemder, kommunar, utbyggjarar og andre aktørar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Regionkontoret har ansvar for å etablere og vidareutvikle partnarskap med kommunane i Husbankens kommuneprogram.

Regiondirektøren leiar ei eining med 27 tilsette og rapporterer til administrerande direktør i Husbanken. 

Sentrale oppgåver og ansvar

  • Gi alle kommunane i regionen tilbod om Husbankens tenester i tråd med kommuneprogrammet
  • Samspel med kommunar og andre aktørar som statlege etatar, utbyggjarar og frivillige og ideelle organisasjonar om lokal bustadsosial utvikling i tråd med Husbankens overordna føringar
  • Overordna ansvar for at saksbehandlinga av økonomiske verkemiddel skjer i samsvar med gjeldande regelverk og rutinar
  • Samspel med regionale statlege og andre aktørar om utvikling og koordinering av tenester til kommunane
  • Initiere innovasjonsarbeid og bidra til å utvikle verkemiddel, tenester, kunnskap og arbeidsprosessar
  • Initiere og følgje opp prosjekt og tiltak. Drøfte desse i samarbeid med nasjonale fagkontor og andre regionkontor
  • Leggje til rette for gode læringsarenaer for kommunar og andre aktørar
  • Samarbeide tett med alle nasjonale fagkontor for å sikre utvikling av kunnskapsbasert praksis

Erfaring og utdanning

Vi ser etter ein samfunnsengasjert, strategisk og resultatorientert leiar som kan vidareutvikle det regionale tenestetilbodet i dialog med brukarar og samarbeidspartnarar. Du er kundeorientert og vand med å jobbe i ei utoverretta leiarrolle. Du er ein dyktig relasjonsbyggjar og er god til å kommunisere både internt og eksternt. Du evnar å samarbeide med alle Husbankens fagområde og bidreg til samarbeid på tvers i organisasjonen. Det er ønskeleg at du har eit stort lokalt nettverk og finn motivasjon i å utvikle det i relasjon til Husbankens oppgåver.

Vi søkjer kandidatar med relevant høgare utdanning. Brei relevant erfaring kan kompensere for manglande formalkompetanse. Du har relevant leiarerfaring frå statleg/kommunal sektor og/eller bank- og finanssektoren. Du forstår avgjerdsprosessar i offentleg sektor.

Vi tilbyr

Vi tilbyr ei spanande og interessant stilling hos ein sentral velferds- og bustadsosial aktør. Du får jobbe i eit bredt samansett kompetansemiljø, med hyggelege og erfarne kollegaer.

Fast stilling som 1062 direktør med lønsspenn kr 990.000 - 1.200.000 pr. år. Medlemskap i Statens pensjonskasse. Det blir trekt 2 % i innskot til pensjonskassa frå løna.

Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med våre rådgivarar i BackerSkeie Ann-Kristin Nyrønning, tlf. 920 85 397 og Alexander Huun, tlf. 478 98 809. Søknad med CV registrerast innan 14. oktober 2019.

Husbanken ser på mangfald som ein styrke, og oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Søkjarar kan bli oppført på offentleg søkjarliste sjølv om vedkomande har bedt om konfidensiell behandling. Søkjarar vil i så fall bli varsla før den blir offentleggjort.

Søknadsfrist: 14.10.2019

Arbeidssted: Bergen

Arbeidsgiver:
Husbanken

Kontaktperson:
Ann-Kristin Nyrønning, rådgiver
Tlf: 920 85 397

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler