Samfunnsvitar/økonom til arbeidet med statsbudsjett

Om stillinga

I budsjett- og økonomiseksjonen er det ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar.

Budsjett- og økonomiseksjonen har mellom anna ansvaret for å koordinere, kvalitetssikre og følge opp departementet sitt arbeid med statsbudsjettet og gi råd og rettleiing til fagavdelingane og politisk leiing på dette området. Seksjonen har òg ansvar for økonomistyringa i departementet og koordinering av høyringssaker.


Sentrale oppgåver

Du vil arbeide med statsbusjettet, hovudsakleg den løpande budsjettprosessen og analysearbeid. Seksjonen sin koordineringsrolle inneber mellom anna å legge til rette for gode prosessar, kvalitetssikre, samordne innspel og lage gode avgjerdsgrunnlag for den politiske leiinga. Avdelinga har ei sentral rolle overfor fagavdelingane, politisk leiing og Finansdepartementet i prosessen med å utarbeide dei sentrale budsjettdokumenta.


Kven ser vi etter?

Du

  • har høgare utdanning på masternivå innanfor statsvitskap eller samfunnsøkonomi 
  • har gjerne kjennskap til arbeids- og velferdssektoren 
  • har god talforståing og skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • arbeider sjølvstendig, er analytisk og har forståing for politiske prosessar
  • trivst i ein hektisk kvardag, har høg arbeidskapasitet og samarbeider godt med andre
  • må ha relevant erfaring frå arbeid med statsbudsjettet for å bli tilsett som seniorrådgivar

Karakterar vil bli vektlagd.


Kva får du hos oss?

  • Du får ei stilling sentralt i departementet med engasjerte og dyktige kollegaar.
  • Du kjem tett på politikarane, og du vil jobbe i skjeringspunktet mellom fag og politikk.
  • Nøyaktig kor mykje du får i løn er avhengig av kvalifikasjonane dine, men løna vil ligge mellom 500.000 og 700.000 kr.
  • Dessutan vil du få alle godene ved å vere tilsett i staten, mellom anna flekstid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som innber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 

Les dette før du søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge. 
  • Arbeidsspråket er norsk.

 


Kontaktinformasjon

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Grethe Karila på telefon 918 31 430.


Søknadsfrist: 12.04.2021

Arbeidsgiver:
Arbeids- og sosialdepartementet

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler