Sekretær for politisk leiing og fagavdelingar (seniorkonsulent/rådgjevar)

Finansdepartementet har ansvar for å planleggje og setje i verk den økonomiske politikken. Dette er eit departement med ei allsidig og viktig rolle overfor fagdepartementa

Sekretærfunksjonen spelar ein viktig rolle i saks- og informasjonsflyten, både internt i departementet og mot eksterne aktørar. Som sekretær vil du oppleve at oppgåvene er varierte, du kjem til å bistå med møteplanlegging, halde orden på kalendrar og dokument, kommunikasjon med Stortinget, andre departement og Statsministerens kontor og andre typiske sekretærfunksjonar. Stillinga inngår i eit team med sekretærar med tenesteyting til departementets politiske leiing, finansråden og fagavdelingane. Dine viktigaste oppgåver vil vere knytte til arbeidet i statsrådseksjonen opp mot politisk leiing, men du vil også ha faste oppgåver for fagavdelingar. Til tider hende mange ting parallelt, og du må like ein hektisk kvardag.

For å lukkast i stillinga må du

• ha relevant utdanning eller erfaring med liknande arbeid

• tole tidvis stort tempo

• like ein uføreseieleg kvardag med raske endringar

• vere i stand til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og nøyaktig

• ha gode samarbeidseigenskapar også når det er travelt

• ha god IKT basiskompetanse

• kunne sikkerheitsklareres iht. Sikkerheitslova

Annet

Lønn: kr 450 000,- til kr 550 000,- + betalt overtid. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderes.

For meir informasjon, kontakt våre rådgjevar i Experis Executive, Wenche Rasch, mob. 995 95 013 eller avdelingsdirektør Henning Søndergaard, Finansdepartementet (Administrasjonsavdelinga), mob. 976 61 416.

Søknad og CV må registrerast elektronisk innan 07.04.2019. på www.experis.no.

Finansdepartementet er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein arbeidsplass som spegle befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn og funksjonshemjing, hòl i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-bedrift, og i dette ligg det blant annan at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det.  

Attestar, karakterutskrifter og vedlegg må ettersendast ved førespurnad.

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.

Søknadsfrist: 07.04.2019

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
Finansdepartementet

Kontaktperson:
Wenche Rasch, rådgjevar i Experis Executive
Tlf: 995 95 013

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler