Seksjonssjef etterretningsseksjonen i vareførselsdivisjonen

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Etaten er i ferd med å ferdigstille ein omfattande omorganiseringsprosess. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Analyseavdelinga består av to seksjonar, éin i Bergen og éin i Oslo. Seksjonen i Bergen skal sikre divisjonen sitt fagansvar for informasjonsinnhenting og bidra til eit målretta førebyggjande arbeid innanfor vareførselsområdet. I samarbeid med brukardialogavdelinga skal seksjonen ha kontakt med andre myndigheiter og relevante aktørar i næringslivet for å kartleggje og samordne kunnskap om behov og tiltak i den førebyggjande verksemda.

Som seksjonsleiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie eininga i Bergen administrativt og fagleg. Seksjonen disponerer om lag åtte årsverk. Du rapporterer til avdelingsdirektøren i analyseavdelinga og inngår i leiargruppa i avdelinga.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • utvikle innhenting og bearbeiding av informasjon som metode i førebyggjande kontekst
  • bidra i arbeidet med brukarundersøkingar, både når det gjeld utarbeiding, resultatanalyse og forslag til tiltak
  • bruke etterretningsbaserte metodar for å bidra til at andre einingar i divisjonen har eit kunnskapsbasert grunnlag for rettleiing og førebyggjande arbeid 
  • ha fag-, personal- og resultatansvar

Undervisnings- og foredragsoppgåver inngår i stillinga, og du må rekne med at det blir litt reising.

Kvalifikasjonskrav:

  • bachelorgrad innanfor det relevante fagområdet. Bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten og svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad.
  • relevant leiarerfaring. Det er ein fordel om dette er innanfor fagområdet.

Det er ønskjeleg med:

  • erfaring frå arbeid med budsjett- og resultatansvar
  • gode samarbeidsevner
  • erfaring frå utviklings- og digitaliseringsarbeid

Leiarplakaten til Tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø i tillegg til å vere mål-, resultat- og utviklingsorientert.

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som seksjonssjef, kr 750 000–850 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad sentralt i Bergen

Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen skal jobbe både med førebygging og kontroll for å sikre optimal etterleving. Vareførselsdivisjonen består av ein utviklingsstab, ein styringsstab og fem avdelingar: analyse-, brukardialog-, oppfølgings-, klassifiserings- og regelavdelinga.

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.            

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.  Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte divisjonsdirektør Ivar Sletten på tlf. 900 16 295. For meir info om å jobbe i Tolletaten, sjå toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 05.10.2020

Arbeidssted: Vestland

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Ivar Sletten, divisjonsdirektør
Tlf: 900 16 295

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler