Seksjonssjef for seksjon Bergen

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Oppfølgingsavdelinga har ansvar for eit effektivt og målretta objektsutval i samband med kontroll av grunnlagsdata, statistiske data, tollavgift, restriksjonar og ulovlege varer i den registrerte vareførselen og skal sjå til at regelverk og prosedyrar blir følgde. Avdelinga består av sju seksjonar: éin i Bergen, tre i Oslo, éin i Kongsvinger, éin i Drammen og éin i Tromsø.

Seksjonen i Bergen skal bidra til å oppnå avdelinga sitt mål ved å kontrollere deklarasjonar ved grensepassering og gjennomføre etterkontroll i verksemder.

Som leiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie eininga i Bergen administrativt og fagleg. Seksjonen disponerer om lag ti årsverk. Du rapporterer til avdelingsdirektøren og inngår i leiargruppa i avdelinga.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • ha ansvar for eininga sine oppgåver innanfor kontroll av deklarasjonar og etterkontroll i verksemder
  • bidra til samarbeid og vere kontaktpunkt for aktuelle samarbeidspartnarar
  • ha fag-, personal- og resultatansvar

Undervisnings- og foredragsoppgåver inngår i stillinga, og du må rekne med at det blir litt reising.

Kvalifikasjonskrav:

  • bachelorgrad innanfor det relevante fagområdet. Bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten og svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad.
  • relevant leiarerfaring. Det er ein fordel om dette er innanfor fagområdet.

Det er ønskjeleg med:

  • erfaring med budsjett- og resultatansvar frå offentleg eller privat verksemd
  • erfaring frå prioritering og styring av oppgåver og ressursar

Leiarplakaten til tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø i tillegg til å vere mål-, resultat- og utviklingsorientert.

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som seksjonssjef, kr 750 000–850 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad sentralt i Bergen

Leiarplakaten til tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet, at du har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø, og at du er mål-, resultat- og utviklingsorientert.

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte divisjonsdirektør Ivar Sletten på tlf. 900 16 295, stabsleiar Kari Christine Moldekleiv på tlf. 404 72 635 eller avdelingsleiar Rolf-Ole Seljeflot på tlf. 976 99 791.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 02.06.2020

Arbeidssted: Vestland

Arbeidsgiver:
Tolldirektoratet

Kontaktperson:
Ivar Sletten, divisjonsdirektør
Tlf: 900 16 295

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler