Seniorrådgivar i Internasjonal eining (48/50)



Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no

Analyse- og utviklingsavdelinga i Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvaret for ei rekkje avdelingsovergripande oppgåver i direktoratet. I tillegg til internasjonalt samarbeid har avdelinga ansvar for budsjett, økonomi og verksemdsstyring, strategisk anskaffingsarbeid, utvikling av regelverk og praksis, statistikk og analyse og dessutan utviklings- og forbetringsarbeid. For tida består avdelinga av rundt 70 medarbeidarar fordelte på seks einingar. Avdelinga arbeider tett opp mot andre avdelingar i direktoratet, og har i tillegg omfattande kontakt med eksterne samarbeidspartnarar.

Internasjonal eining (INE) har ansvar for handteringa av internasjonale spørsmål og oppgåver, og koordinerer UDIs internasjonale samarbeid og deltaking i internasjonale forum. Eininga skal sørgje for at nasjonale reglar og praksis samsvarer med internasjonale forpliktingar, og skal bidra til at UDI og samarbeidspartnarane våre i utlendingsforvaltninga har tilgang til informasjon om internasjonale regelverk og prosessar. Internasjonal eining gir faglege innspel til departementet og samarbeider tett med politiet og utanrikstenesta. Eininga har elles koordineringsansvar for arbeidet på ei rekkje fagområde, på tvers av avdelingar i UDI og overfor eksterne samarbeidspartnarar.

Stillinga er knytt til Internasjonal eining og omfattar ansvar for koordinering og oppfølging av aktivitetar i samarbeid med Utanriksdepartementet (UD) i rolla departementet har som førstelinje for utlendingssaker. Utlendingsdirektoratet har ei brei samarbeidsflate mot UD og er ansvarleg for instruksar, tilrettelegging av system og opplæring knytt til fagfeltet, arbeidsprosessar og fagsystem. Førstelinja i UD har nyleg vore gjennom ein omfattande omstillingsfase, eit arbeid som enno ikkje er avslutta. Denne omstillinga krev også ei rekkje tilpassingar frå UDIs side.

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
  • ei verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg, prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar
  • lønn som seniorrådgivar (kode 1364) i lønnsspennet kr 563 700–679 000 (brutto per år), avhengig av kvalifikasjonar – for spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring (det blir trekt 2 prosent av lønna til dette)

UDI skal flytte til nye og flotte lokale på Helsfyr våren 2021 (https://valleforalle.no/valleview/). 

Utlendingsdirektoratet legg vekt på mangfald, og vi oppfordrar alle som er kvalifiserte, til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne, «hol i CV», nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

I samsvar med offentleglova kan namna på søkjarane bli offentleggjorde sjølv om søkjarane har bede om å ikkje bli oppførte på søkjarlista. Du blir i så fall varsla.

Kvalifikasjoner

  • Du må ha høgare utdanning på masternivå. Utdanning på bachelornivå kombinert med lengre relevant erfaring kan kompensere for dette kravet.
  • Du må ha god kjennskap til organiseringa av utlendingsforvaltninga og det operative samarbeidet mellom etatane på utlendingsfeltet.
  • Du må ha relevant erfaring frå arbeid i utlendingsforvaltninga.
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring frå internasjonalt arbeid.
  • Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må rekne med noko reising i stillinga.

Personlige egenskaper

  • Du må kunne jobbe strukturert og sjølvstendig.
  • Du må ha god serviceinnstilling, kunne ta initiativ og ha evne til oppfølging og gjennomføring.
  • Du må ha eigenskapar som gjer deg eigna til å representere UDI: vere positiv, omgjengeleg og god til å byggje nettverk både i UDI og med eksterne samarbeidspartnarar.
  • Du må kunne tenkje heilskapleg, vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner.

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 15.12.2019

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
Analyse- og utviklingsavdelingen, UDI
Hausmannsgate 21
0182 Oslo

Kontaktperson:
Tor-Magne Hovland
Tlf: 91 62 12 66

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler