Seniorrådgivar i vareførselsdivisjonen

Har du interesse for samarbeid og utvikling?

Tolletaten er ein kontrolletat i spennande utvikling og med mange endrings- og utviklingsprosessar. 1. oktober 2020 ferdigstilte tolletaten ei fullstendig omorganisering. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft. 

Vareførselsdivisjonen er etablert med hovudkontor i Bergen. Vi søkjer no etter ein rådgivar til styringsstaben som vil få ansvar for å koordinere divisjonen sitt arbeid med samarbeidande aktørar.

Vi ser etter deg som har erfaring med å koordinere og samarbeide på tvers, både internt og eksternt. Du må òg vere strukturert og god til å halde i fleire trådar samtidig. Styringsstaben skal støtte divisjonsdirektøren i utøvinga av rollene som linjeleiar, arbeidsgivar og fagmyndigheit.

Staben skal sikre heilskapleg styring og utvikling av divisjonen og bidra til

  • effektiv og framtidsretta drift​ og kontinuerleg forbetringsarbeid i heile divisjonen​
  • effektiv oppgåveløysing, koordinering og heilskaplege løysingar​
  • kompetanseutvikling i tråd med behova til etaten​
  • medbestemming og ivaretaking av HMS​
  • Styringsstaben skal vidare støtte og vareta divisjonsleiarane i oppgåver i samband med styring, planlegging, koordinering, analyse, rådgiving, rapportering og revisjon.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • ha eit særskilt ansvar for å koordinere divisjonen sitt arbeid med samarbeidande aktørar, inkludert å førebu, organisere og gjennomføre interne og eksterne møte og å førebu / leggje til rette saksinnlegg og presentasjonar til desse
  • vere divisjonen sitt kontaktledd inn mot den nasjonale koordinatoren for samarbeidande aktørar i tolldirektørstaben og inn mot koordinatorar for dette arbeidet i andre divisjonar
  • førebu saker og koordinere innspel og høyringssvar innanfor ansvarsområda til styringsstaben
  • bidra i analyse- og utgreiingsarbeid

Kvalifikasjonar: 

  • relevant mastergrad (bachelorgrad og svært god realkompetanse kan i spesielle tilfelle erstatte kravet om mastergrad)
  • relevant erfaring

Personlege eigenskapar:

  • høg integritet
  • mål-, resultat- og utviklingsorientert
  • svært gode samarbeidsevner
  • analytisk
  • gode formidlingsevner både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med hyggjelege og kompetente kollegaer 
  • eit interessant arbeidsfelt som du sjølv kan vere med og forme
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • lønn som seniorrådgivar etter statens lønnsregulativ, lønnsspenn frå kr 550 000–650 000 (For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.)

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte divisjonsdirektør Ivar Sletten på tlf. 900 16 295.

Meir informasjon om å jobbe i tolletaten finn du på www.toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 02.11.2020

Arbeidssted: Vestland

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Ivar Sletten, divisjonsdirektør
Tlf: 900 16 295

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler