Seniorrådgivar til Internasjonal eining

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringens innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglige innspill til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovlig innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkere, og bidrar til retur av personer uten lovlig opphold. Menneskeverd, profesjonalitet og helhet er grunnleggende verdier i direktoratet. UDI ligger under Justis- og beredskapsdepartementet. Se også www.udi.no

Har du lyst til å jobbe med implementering og utvikling av Schengen-regelverk i UDI? Vi søkjer etter seniorrådgivar for å jobbe med oppgåver knytt til Schengen-forpliktingane til Noreg.

Internasjonal eining koordinerer UDIs samarbeid og deltaking i internasjonale forum. Eininga sørgjer for at nasjonale reglar og praksis samsvarer med internasjonale forpliktingar, og bidrar til at UDI og samarbeidspartnarane våre i utlendingsforvaltninga har tilgang til informasjon om internasjonalt regelverk og prosessar. Internasjonal eining gir faglege innspel til Justis- og beredskapsdepartementet (JD) og samarbeider tett med politiet og utanrikstenesta. Eininga har elles koordineringsansvar for arbeidet på ei rekkje fagområde på tvers av tenesteområde i UDI og overfor eksterne samarbeidspartnarar.

Eininga er ein del av tenesteområdet Styring og regelverk. I tillegg til internasjonalt samarbeid har området ansvar for budsjett, økonomi og verksemdsstyring, statistikk og analyse, utvikling av regelverk og praksis, og det strategiske innkjøpsarbeidet. 

Vi tilbyr

  • ei unik moglegheit til å vere ein del av og utvikle eit sterkt fagmiljø
  • ein spennande og variert arbeidskvardag med hyggjelege kollegaer i nye lokale på Helsfyr 
  • subsidiert kantine med fantastisk god mat 
  • ein time trening i arbeidstida i veka og tilgang til nytt treningsrom  
  • fleksitidsordning og overtidsbetaling ved pålagt overtidsarbeid
  • ordna forhold med ein arbeidsdag på 7,45 timar, 7 timar om sommaren, inkludert lunsj
  • gode løysingar for mobil arbeidsplass

Stillinga er lønt som seniorrådgivar (kode 1364) i lønnsspennet kr 600 000–750 000 brutto per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte kandidatar kan vi vurdere høgare lønn. Frå lønna blir det trekt 2 % i lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Berre kandidatar som søkjer via WebCruiter, blir vurderte for stillinga. Du må fylle ut WebCruiters CV- og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må hente vedlegg frå vitnemålsportalen i søknadsprosessen i WebCruiter. Ved utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Nokut.  

Utlendingsdirektoratet er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn.

I samsvar med offentleglova kan ein søkjar bli offentleggjord sjølv om hen har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Vedkommande vil i så fall bli varsla.

Kvalifikasjoner

  • Du må ha avlagt mastergrad i rettsvitskap / ha juridisk embetseksamen.
  • Du må ha generell kunnskap om EU/Schengen-regelverk på migrasjonsfeltet.
  • Du bør ha kunnskap om IT-systema som blir brukte i Schengen-samanheng (SIS, VIS, EES, ETIAS og Eurodac). Arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid blir vektlagt.
  • Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Du må ha kjennskap til personvernarbeid.
  • Du bør ha erfaring frå utgreiingsarbeid.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå internasjonalt arbeid.

Du må rekne med noko reiseverksemd.

Personlige egenskaper

  • er fleksibel – jobbar både sjølvstendig og i team med fleire aktørar (internt og eksternt)
  • viser handlekraft – viser initiativ, gjennomføringsevne og er avgjerdsdyktig  
  • er analytisk – har evne til å tileigne deg ny kunnskap, kan evaluere informasjon, har overblikk og kan handtere komplekse oppgåver strategisk  
  • samhandlar – er kontaktskapande, teamorientert og fleksibel og har gode samarbeidsevner 

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 06.12.2022

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
UDI
Innspurten 11D
0663 Oslo

Kontaktperson:
Tor-Magne Hovland
Tlf: 91621266

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler