Seniorrådgjevar- Utvikling av arbeids- og velferdsforvaltninga

Vil du jobbe med utvikling av arbeids- og velferdsforvaltninga den nye avdelinga vår? I Budsjett- og styringsavdelinga, seksjon for strategi og styring, er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar.

Arbeidsoppgåver

Seksjonen har ansvar for departementet si styring av Arbeids- og velferdsdirektoratet og Trygderetten. Oppgåvene i denne stillinga vil særleg vere relatert til departementet sin styringsdialog knyt til den strategiske og langsiktige utviklinga av arbeids- og velferdsforvaltninga. Dette inneber mellom anna oppfølging av retningsvala i Meld.St.33 (2015-2016). Seksjonen har mykje kontakt med Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på masternivå. Særleg relevant arbeidserfaring kan erstatte formell kompetanse
  • Erfaring frå arbeid med utvikling og styring av etatar og/eller verksemder
  • Kunnskap om det velferdspolitiske fagområdet og arbeids- og velferdsforvaltninga vil bli vektlagd
  • Erfaring frå arbeid med forretningsutvikling, digital transformasjon, porteføljestyring og gevinstrealisering er ein fordel

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein initiativrik, idérik og analytisk medarbeidar, som evnar å lytte, forstå og skape tillit internt i departementet og i dialogen med Arbeids- og velferdsdirektoratet. Det er viktig at du trivst med å arbeide i team og med eit tverrfagleg perspektiv. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne er nødvendig.

Vi tilbyr

  • moglegheita til å jobbe med eit viktig og komplekst område som har stor relevans for samfunnet
  • fleksibel arbeidstid og gode pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • lønsspenn 524 500–850 000

Generell informasjon

Arbeids- og sosialdepartementet ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga og dra nytte av den samla kompetansen. Vi ber derfor kvalifiserte kandidatar om å søkje, uavhengig av funksjonsevne, alder, kjønn, etnisitet, religion og seksuell orientering. Departementet ønskjer å realisere regjeringa sitt mål knytte til inkluderingsdugnaden. Vi legg vekt på å tilretteleggje arbeidsforholda for personar med nedsett funksjonsevne. Søkjarar som opplyser om at dei har redusert funksjonsevne, vil bli innkalla til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillinga.

Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjord, sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Søkjarar vil i tilfelle bli informert før offentleggjering.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Espen Opjordsmoen på tlf: 22 24 86 86/ 941 31 604

Søknadsfrist: 27.01.2019

Arbeidssted: Akersgata 64

Arbeidsgiver:
Arbeids- og sosialdepartementet

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler