Sivilingenør, skredkunnskap og - formidling

NVE har viktige og spanande oppgåver knytt til førebyggingsarbeidet. Seksjon for Skredkunnskap og –formidling (SKF) i Førde har som hovudoppgåve å formidle og overføre kompetanse knytt til utfordringar med flaum, overvatn og skred. Du vil samarbeide med forskings- og kompetansemiljø både internt og eksternt, starte og leie forvaltningsretta forskingsprosjekt og formidle kunnskap til ålmenta, kommunar, andre statlege etatar, konsulentar og andre aktørar.
 
Arbeidsstaden ligg i Førde saman med NVE Region Vest. Du vil jobbe som ein av 4 i seksjonen. Jobben er hektisk, men spanande og interessant for deg som har gode formidlingsevner og kunnskap om geofare.

Vil du formidle kunnskap om førebygging av skader frå flaum, overvatn og skred? 

 Skredkunnskap og - formidling, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Arbeidsoppgåver
  • Utarbeide og formidle kunnskap om flaum, overvatn og skred både munnleg, skriftleg og digitalt
 Kvalifikasjonar 

Krav:

  • Høgare utdanning på nivå master/sivilingeniør innan geofare spesielt 
    • skred
    • flaum
    • overvatn
    • vassdragsforvaltning
  • Anna relevant geofagleg utdanning
  • Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • Kommunisere og formidle godt både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B
  • Vi oppmodar nyutdanna til å søke

Vi vektlegg:

  • Erfaring frå forvaltninga innan fagområda GIS, plan, skred, flaum, overvatn og vassdrag
  • God kjennskap til relevante utdannings- og forskingsmiljø
  • Erfaring frå fagleg relevant utdannings- og formidlingsarbeid, vis i søknaden
  • Prosjekterfaring
 Personlege eigenskapar
  • God samarbeids- og gjennomføringsevne

 Vi tilbyr

  • Sterk kunnskapsorganisasjon med eit sterkt tverrfagleg miljø
  • Rom for personleg utvikling gjennom varierte og spanande oppgåver samt moglegheit til kompetanseheving
  • Du får innverke på viktige samfunnsområder
  • Stor kontaktflate, både internt og eksternt
  • Høve til å påverka utviklinga innanfor nasjonal skred- og flaumforvalting
  • Fridom til å disponera eigen arbeidstid
  • Fine lokalar sentralt i Førde
  • Treningsrom og aktivt bedriftsidrettslag
  • Mobiltelefonordning
  • Familievenleg og fleksibel personalpolitikk
  • Gode arbeidstidsordningar (flexitid, sommartid, betalt overtid)
  • Trening i arbeidstida
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår
  • Stillinga vert lønna som avdelingsingeniør/ overingeiør (1085/1087)  etter det offentlege regulativ f.t. kr 460 000 – 570 000 pr. år etter kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønsplassering. Frå løna blir pensjonsinnskot trekt etter gjeldande reglar.

I NVE har vi eit tverrfagleg miljø med medarbeidarar frå meir enn 20 nasjonar. Det er eit personalpolitisk mål å spegle samfunnet si samansetjing i alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Vi ønskjer difor at alle kvalifiserte kandidatar søker uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. NVE er ei IA – verksemd og vil legga forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevna.
Legg ved vitnemål og attestar elektronisk.

Dersom ein søkar ønskjer å reservere seg frå offentleg søkarliste, må dette grunngivast. Opplysning om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på lista. Dersom reservasjonsønske ikkje blir teke til følgje vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.

Kontakt:
Aart Verhage, seksjonssjef  tlf.: 901 84 410, Odd Are Jensen, overingeniør tlf.: 94507330 eller Kathrine Berg Nilsen, HR-kontakt tlf.: 22 95 98 62

NVE står overfor ei rekke spennande utfordringar i åra som kjem. Klimaendringane, fornybar energi, sikker straum­forsyning, flaum, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempel på dette.

 

NVE har ansvar for å forvalte landets vass- og energiressursar. Vi skal sørge for sikker straumforsyning og betre samfunnet si evne til å handtere flaum- og skredfare. NVE er nasjonal fagin­stitusjon for hydrologi. Forskning og internasjonalt utviklings­samarbeid er også viktige arbeidsområder. NVE har hovudkontor i Oslo og fem regionkontor rundt i landet. I tillegg har vi fjellskredovervaking på Stranda og i Kåfjord. Til saman er vi 600 tilsette med tverrfagleg kompetanse. NVE er underlagt Olje- og energidepartementet.

Søknadsfrist: 31.01.2019

Arbeidssted: Førde

Arbeidsgiver:
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Kontaktperson:
Aart Verhage, seksjonssjef tlf.: 901 84 410

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler