Skattejurist/seniorskattejurist

Skatt vest er ein stor organisasjon med mange spennande utfordringar. Vi har ca. 1100 tilsette og er delt inn i avdelingane Rettleiing, Fastsetjing, Kontroll- og rettsavdelinga, Skattekrim, Innkrevjing og Sentralskattekontoret for utanlandssaker. Konkrete og utfordrande arbeidsoppgåver saman med dyktige kollegaer gjer Skatteetaten til ein spennande arbeidsplass.

Skatteetaten søker etter fleire juristar for å styrke arbeidet innanfor kontrollområda våre. Arbeidet skjer i tverrfaglege grupper med god kompetanse innanfor rekneskap, revisjon, skatt og avgift.

Dei ledige stillingane høyrer til Kontroll- og rettsavdelinga i Bergen, men må rekne med å utføre oppgåver for andre avdelingar innanfor skattefastsetting og klagebehandling. Kontroll- og rettsavdelinga i Bergen har arbeidsoppgåver innanfor ei rekke risikoområde, alt frå økonomisk kriminalitet i arbeidslivet til ei meir dialogbasert tilnærming mot dei store foretaka.

Skatteetaten er under omorganisering og vi får ein ny organisasjon med landsdekkande oppgåveløysing frå 1. januar 2019. Denne omorganiseringa vil også gjelde desse juriststillingane og stillingane vil inngå i eit innplasseringsløp hausten 2018.

Vi tilbyr

høve til å jobbe med samfunnsaktuelle saker
utfordrande oppgåver og store fagmiljø
kompetanseutvikling
fleksitid og betalt overtid
trening i arbeidstida
ein raus personalpolitikk
medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av Noregs beste pensjonsordningar

Stillingane er lønna som skattejurist, frå kr 440000 – kr 550000, eller seniorskattejurist , frå kr 500000 – kr 630000, avhengig av kvalifikasjonar. Dei første seks månadane vert rekna som prøvetid.


Generelt:
Skatteetaten har personalpolitiske mål om å spegle samansetjinga i samfunnet når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og vi ønskjer søkjarar frå alle samfunnslag. Som IA-bedrift vil vi også leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført i den offentlege søkjarlista, må du grunngi det. Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har oppmoda oss om å ikkje føre deg opp i søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, blir du varsla om det.

Det gjeld særskilde reglar for bistilling og deltaking i næringsverksemd. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som følgjer av lovene, instruksane og reglementa som gjeld for stillinga. Vi ber om at søkjarane registrerer søknad og CV via nettsidene www.skatteetaten.no eller www.nav.no. Kopi av vitnemål/karakterutskrift må leggjast ved søknaden.

Kvalifikasjoner

Du må ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Eksamenskandidatar i år kan også søkje. Tilsetting krev bestått eksamen.
Relevant erfaring og særskilt interesse for området vil bli vektlagt.
God i skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk og engelsk.
Du må ha god forståing for og erfaring med dataverktøy.

Personlige egenskaper

Du er ein profesjonell, imøtekommande og nytenkande person og ønsker nye utfordringar i ein etat i utvikling.
Du arbeider sjølvstendig, tar eigne initiativ og har ei offensiv og uredd haldning til nye oppgåver.
Du har evne til å sjå heilskap og tenke analytisk.
Du er god på formidling av fagleg kunnskap.
Du trivst i miljø med tverrfagleg samarbeid.
Du er engasjert, positiv og har godt humør.
Du har stor arbeidskapasitet og trivst med høgt arbeidstempo.

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 22.04.2018

Arbeidssted: Bergen

Arbeidsgiver:
Skatt vest
Nonnesetergaten 4
5015 Bergen

Kontaktperson:
Anna Kirkeluten
Tlf: 922 17 079

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler