Sommarvikarar til Opphaldsavdelinga i UDI

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringens innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglige innspill til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovlig innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkere, og bidrar til retur av personer uten lovlig opphold. Menneskeverd, profesjonalitet og helhet er grunnleggende verdier i direktoratet. UDI ligger under Justis- og beredskapsdepartementet. Se også www.udi.no
Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no
 
Opphaldsavdelinga (OPA) behandlar saker etter statsborgarlova og utlendingslova med unntak av søknader om asyl. Det omfattar saker om løyve til å arbeide, studieløyve, visum, au pair-saker, familieinnvandring, permanent opphaldsløyve, reisedokument, norsk statsborgarskap og utvising. Opphaldsavdelinga set fagleg kvalitet, brukarar og effektivitet høgt. Vi står overfor spennande utviklingsoppgåver, og vi er opptekne av å få ned saksbehandlingstidene, drive prosessforbetring og ta i bruk nye elektroniske løysingar på ein effektiv måte. Avdelinga er organisert i fire saksbehandlingsområde, og kvart av områda er organisert i fleire underliggjande einingar. 
 
På grunn av ein sesongavhengig auke i enkelte sakstypar har vi ledig 15-20 mellombelse fulltidsstillingar som saksbehandlar i Område for visum, arbeids- og studiesaker (OVAS). OVAS har eit særleg ansvar for alle typar søknader frå utanlandske borgarar utanfor EØS-området som søkjer om visum, opphaldsløyve som au pair eller opphaldsløyve for å kunne arbeide eller studere i Noreg.  Reglane for innreise til Noreg har det siste året endra seg, og det er mange som kontaktar UDI med spørsmål om innreise til Noreg. Vi har derfor oppretta ei telefonlinje som behandlar desse henvendelsane. I sommar vil fleire av våre sommarvikarar ha som ei viktig oppgåve å rettleie brukarar per telefon og e-post i samband med henvendelsar som gjeld innreise til Noreg.
 
Det kan òg vere aktuelt med oppgåver innanfor eit av dei andre saksområda.  Reglane er i endring, og behovet kan endre seg undervegs.
Arbeidsperioden er frå mai/juni til og med august 2021, men kan forlengjast. Vi ber om at du i søknaden presiserer i kva periode du har høve til å arbeide innanfor desse månadene (mai/juni–august). Når vi vurderer aktuelle kandidatar, vil lengden på perioden du kan arbeide vektleggjast. 

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Vintertid/ sommartid (frå 15. mai til 15. september)
  • Ein time trening i veka
  • Eit viktig samfunnsoppdrag
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver, kompetanse og erfaring frå saksbehandling innan offentleg forvaltning i eit mangfaldig, godt og engasjerande arbeidsmiljø 
  • Stillinga blir lønt som førstekonsulent kode 1408 i lønnsspenet 416.400,- til 451.700,-) avhengig av tenesteansiennitet. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring.   

Utlendingsdirektoratet er oppteke av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte, til å søkje stillingar hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, "hol i CV", nasjonal eller etnisk bakgrunn. UDI er ei IA-verksemd, og vi tilpassar arbeidsplassen dersom du har behov for det.  I samsvar med offentleglova kan namnet på ein søkjar bli offentleggjort sjølv om han/ho har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Vedkommande vil i så fall bli varsla.

Kvalifikasjoner

  • Bachelor i rettsvitskap eller relevante samfunnsvitskaplege og humanistiske fag
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 
  • Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar og digital forståelse

Det er ein fordel med forståelse for UDIs samfunnsoppdrag.  Erfaring frå arbeid og/eller kompetanse innan offentleg forvaltning, folkerett, menneskerettar, utlendingsrett og/eller flyktningrett kan vere ein fordel, men er ikkje avgjerande. Kopi av attestar og vitnemål skal leggjast inn i søknadsportalen når du søkjer på stillinga. Har du utdanning frå utlandet, ønskjer vi at du legg ved godkjenning frå NOKUT.  

Personlige egenskaper

  • Ha stor arbeidskapasitet og vere kvalitetsbevisst. 
  • Vere motivert for å arbeide med enkeltsaker i UDI.
  • Ha evne til å yte god service i møte med brukarane våre. 
  • Ha gode kommunikasjonsevner og like å arbeide tett med andre mennesker
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Vere fleksibel og engasjert, og kunne sette deg raskt inn i nye arbeidsoppgåver.
  • Ha gode samarbeidsevner og eigenskapar som bidreg til å utvikle eit godt arbeidsmiljø. 

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 11.04.2021

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
UDI
Innspurten 13
0663 Oslo

Kontaktperson:
Christiane Heffermehl Lange
Tlf: 90936298

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler