Spanande jobb som prosjektleiar

Vi søkjer ein prosjektleiar som kan leie Kartverket sitt arbeid med å innføre ny løysing for forvalting, foredling og formidling av hydrografiske data (Nautilus). Dette er eit stort arbeid som vil ta fleire år og som inneber omfattande omleggingar av prosessar og organisasjonsstruktur i sjødivisjonen.

Kartverket ved sjødivisjonen leverer tradisjonelle kartprodukt, informasjon om vasstand, terrengmodellar og vidareforedla produkt. Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona er ein del av ansvarsområdet vårt.
Kartverket er i fremste rekkje internasjonalt i bruk av innovativ teknologi, og kartprodukta våre held eit særs høgt nivå. Vi har vunne pris for verdas beste sjøkart i den internasjonale kartografikonkurransen to gonger på rad.
Kartverket sjødivisjonen har om lag 120 tilsette med ein spennande og mangfaldig bakgrunn. Arbeidsstad er Stavanger.

Stillinga krev at du må kunne tryggleikklarerast.

Arbeidsoppgåver

  • Leie prosjektarbeidet i henhold til avtalt prosjektplan
  • Koordinere og styre Kartverket sine prosjektressursar på tvers av divisjonar og avdelingar
  • Leie arbeidet med å spesifisere løysinga
  • Inngå avtalar med eksterne i samarbeid med innkjøpsavdelinga
  • Leie arbeidet med å etablere finansiering for prosjektet, identifisere moglegheit for ekstern finansiering
  • Resultatansvar i prosjektet, mål og økonomi
  • Rapportere i henhold til interne rutiner og ved ekstern finansiering er det ekstern rapportering
  • Bistå i å implementere  teknisk løysing 
  • Bidra i arbeidet med å leggje om arbeidsprosessar og organisering ettersom vi implementerer løysingane

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule-/universitetsutdanning på bachelornivå innan til dømes fagområda leiing, maritime fag, hydrografi, GIS, IT/IT Infrastruktur eller geomatikk/geodesi
  • Prosjektleiarutdanning, eller kan visa til erfaring frå komplekse og utfordrande prosjekt
  • Kommersiell forståing og erfaring frå kontraktsarbeid, gjerne med internasjonalt innhald

I tillegg er det ønskeleg med:

  • Prosjektleiarerfaring
  • Erfaring med  forvaltning, foredling og formidling av hydrografiske data
  • Leverandørerfaring

Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode samarbeidsevner
  • Du må ha god formidlingsevne 
  • Du må vere interessert i mennesker og det å byggje lagånd
  • Du må vere strukturert, ha evne til å sjå det store biletet
  • Du må ha god gjennomføringsevne 

Vi tilbyr

  • Spanande og utfordrande oppgåver i eit nasjonalt og internasjonalt miljø 
  • Løn som prosjektleiar, kode 1113, frå kr 550 000 til kr 750 000,- avhengig av utdanning og erfaring
  • Gunstig pensjonsordning og lån gjennom Statens pensjonskasse 

Kartverket praktiserer eit inkluderande arbeidsliv. Det inneber at vi ønsker velkomen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentera  ein samanhengande yrkeskarriere.  

Vi gler oss til å ta imot søknaden din. 

Kartverket dekkjer behovet for geografisk informasjon og offentleg eigedomsinformasjon i Noreg, og er i tillegg tinglysingsmyndigheit for heile landet. Hovudkontoret til Kartverket ligg på Hønefoss. I tillegg har vi tolv fylkeskartkontor, ein sjødivisjon i Stavanger, eit kundesenter i Ullensvang i Hardanger og eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.
Kartverkets kjerneverdiar er inkluderande, kompetent, open, påliteleg og engasjert.

Søknadsfrist: 18.08.2021

Arbeidssted: Stavanger

Arbeidsgiver:
Kartverket

Kontaktperson:
John Kåre Klippen, avdelingsdirektør produksjon
Tlf: 918 18 261

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler